nyhende

Stillstand sidan hærverket: — På tide å gjera noko med det

Seks år etter at Fartein Valen-statuen vart utsett for hærverk, står den framleis hovudlaus på eit kommunalt lager. Det vil arvtakar Fartein Valen-Sendstad gjera noko med.

Publisert Sist oppdatert

Sveio var i heile Noreg sitt søkelys for seks år sidan. Ein granittstatue av komponist Fartein Valen fekk hovudet slått av i løpet av natta mellom 20. og 21. mai 2017.

Hovudet vart sendt austover til kunstar Odin Øistad som hadde hogd skulpturen. Sjølve statuen vart etter kvart flytta til eit kommunalt lager i Leitevegen.

Sidan har saka stått stille.

Heimlaus og hovudlaus

— Det er ikkje noko musikkammer mellom Bergen og Stavanger. Me kan få det midt i leio i Sveio, seier Fartein Valen-Sendstad.

Han er arvtakar etter komponisten og ynskjer å gjera noko med statuen. Arvtakaren har to forslag til løysingar. Det første er del av ei utbygging av eit hus, det såkalla Dorthea-huset.

— Då kan me ha ein kammermusikksal. Slik at ein kan sitja her, høyra og sjå på Siggjo. Eg tenkjer det er i pakt med arven, korleis han villa ha ynskt at det vart forvalta. At det vert verande i lokalsamfunnet, seier Valen-Sendstad.

Kunstnar Odin Øistad greier ut meir om korleis det kan verta sjåande ut.

— Me kunne ha brukt steinhovudet som grunnstøtte til musikkammeret. Då ville det ha vorte synleg i glasmonter som del av bygget, med statuen føre huset, seier Øistad.

Grunnleggar av det verdsberømte norske arkitektfirmaet Snøhetta skulle då teikna musikkammeret.

Kan ikkje reparerast

Det andre forslaget er å setja opp statuen på haugen som er framføre Valenheimen.

— Dei brukte å kalla den for Valenhaugen frå gamalt av. Han likte utsikta frå haugen, seier Valen-Sendstad.

Arvtakaren trur plasseringa vil gje eit tydeleg signal til besøkande at dei er komen til Valenheimen. Samstundes understrekar han at det ikkje er noko handfast på gang.

— Alt er berre på eit hypotetisk nivå, seier Valen-Sendstad.

Kunstnaren sjølv er positiv til fleire løysingar, og ynskjer i hovudsak berre framgang.

— Eg er behjelpeleg og håpar det blir tatt tak i snart, seier Øistad.

Ein ting er i alle fall veldig sikkert, forklarar kunstnaren. Statuen kan aldri verta heil att.

— Eg vil ikkje reparera. Eg har jobba så mykje med stein at eg veit at det ikkje er ei løysing, seier han.

Ventar på avklaring

Øistad nemner at han har fleire maleri av hovudet, som han har stilt ut. Dei kan få henga i lobbyen til Sveio kommune viss dei vil.

— Eg fekk mange gode tilbakemeldingar på dei, seier han.

I snart seks år har dette vore ei sak som har lege uferdig for Sveio, Valenheimen og Øistad.

— Me hadde møte med forrige formannskap og vart einig om ei løysing, men så kom valet. Då sa det nye formannskapet nei og eg har ikkje høyrt meir sidan, seier Øistad.

Om noko skal skje må difor kommunen vera ein aktiv part.

— Det er kommunen som fekk erstatningssummen, og dei som eig statuen, så det er opp til dei, seier han.

På ein trygg stad

Rådmann Jostein Førre fortel at ei avgjersle om framtida til statuen har vorte teken.

— Den skal flyttast til Valenheimen. No ventar me på ei avklaring på kva som vert av Valevåg kulturscene, seier Førre.

Det er namnet kommunen brukar på musikkammersalen. Eit tidlegare vedtak fatta av Sveio kommune i 2020 seier følgjande:

— Rådmannen finn ein mellombels lagringsplass til Fartein Valen-statuen inntil ein har avklart Valevåg kulturscene.

Så inntil prosjektet kjem i gang, vert statuen ståande framfor ein fjellvegg i Leitevegen, saman med nokre trafikkskilt.

Øistad kan forsikra sveibuene om at hovudet er på ein trygg stad, om noko uverdig.

— Det ligg i ei eske på eit lager, avsluttar han.

Powered by Labrador CMS