nyhende

Smykkekunst i kreativ kombinasjon med gamle fotorammer, skal pryda Valestrand kulturkyrkje i nær heile juli. Utstillaren, Reidun Breistig, kjem frå Tittelsnes.
Smykkekunst i kreativ kombinasjon med gamle fotorammer, skal pryda Valestrand kulturkyrkje i nær heile juli. Utstillaren, Reidun Breistig, kjem frå Tittelsnes.

Stiller ut 50 smykke i kyrkjerommet

Gullsmed Reidun Breistig sine smykke skal pryda Valestrand kulturkyrkje denne sommaren.

Publisert Sist oppdatert

Tittel på utstillinga er «Arv», ein tittel som famnar om mykje, ifølgje Reidun Breistig.

– Veldig mykje handlar om arv. Då tenkjer eg blant anna på arvesmykke, eller design som har prega kulturen og historia vår. Eg har også filosofert over at me alle har moglegheita til å vera Guds arvingar, og at i hans auge er med kostbare edelsteinar. Eg assosierer også ordet «arv» med kloden vår, og at me har eit forvaltaransvar for å ta vare på jorda vår.

Kyrkja mi

Breistig, som bur og har verkstaden sin på Gard, nord i Haugesund, fortel ho var var lenge i tenkeboksen korleis ho skulle stilla ut i kyrkjerommet.

Hennar første tanke var at utstillinga for all del ikkje måtte sjå ut som ein jålebutikk i det ærbare lokalet – hennar eiga kyrkje, der ho er døypt og konfirmert. Heller ikkje var det rom for å setja nye spikarhol, så ho har leita seg fram til eksisterande, og kanskje nokre motthol.

Gullsmed Reidun Breistig kjem til Valestrand med gull, sølv og edelsteinar. Og kanskje også ein liten plastbit?

Nostalgisk

I lang tid tråla den utflytta tittelsnesbuen bruktbutikkar på Haugalandet, på jakt etter gamle fotorammer. Dette resulterte i mange ulike rammer som smykka skal hengast opp i.

– Eg gler meg, og vonar å spre tru, von og glede, seier utstillaren.

Breistig har arbeida bak ein gullsmedbenk sidan yrkesskulen i 1984. Etter utdanning og praksis, i 1989, starta ho ei eiga verksemd.

Ærefulle oppdrag

Blant oppdraga ho har hatt er å laga ordførarkjeder til kommunane Ullensvang og Granvin. Stas er det også at dronning Sonja ber hennar smykker, og ikkje for å gløyma alle gifteringane ho har smidd i kjærleikens teikn. På oppdrag for Sveio kommune har ho også kopiert gullringen frå Vikse som blei funnen på 1950-talet og datert kring 1000 år f. Kr.

Å planleggja ei utstilling er tidkrevjande, men Breistig fortel ho er glad for å få moglegheit til å visa eit mangfald av arbeida sine.

– Kva planar har du vidare?

– Framtidsdraumen er å leika litt meir, ikkje ha så mange «deadline’ar», seier handverkaren som er stolt over å ha drive butikk/verkstad, berre ved sal av eigen produksjon.

Salsutstillinga i Valestrand kulturkyrkje opnar tysdag kveld 6. juli, og held ope ettermiddagstid tysdagar, onsdagar og torsdagar fram til 29. juli.

Opningsdagen blir det musikalsk songinnslag ved Eva Vea frå Karmøy.
Powered by Labrador CMS