nyhende
Stian (46) fekk gullbilletten til noko nytt
Livet byr på mange vendingar, men også moglegheiter. Stian Petrussen har gått frå å selja lottokupongar til å vera den som held menneske i handa før dei legg ut på si siste reis. Han nølte ikkje då han fekk tilbod om eit unikt utdanningsløp innan helse.
Matlukta breier seg i gangane på Sveio omsorgssenter. Det er middagstid, og i dag er det fisk til alle mann. Stian Petrussen har fått på seg eit grønt forkle over den blå helsearbeidaruniforma, der han står på kjøkenet på Vestbakken.
Middagsbordet på korttidsavdelinga er dekka til to denne dagen, færre enn det pleier å vera. Medan hjelpepleiar Berit Bråtveit tar den nylaga maten utan av varmeskapet og opp på kjøkenbenken, trakterer Petrussen ei mugge med raud saft.
Eit glas saft
– Du såg at eg gjorde feil nå? seier Petrussen med glimt i auga medan glaset til den mannlege bebuaren fyller seg opp.
– Det er jo damene først, repliserer han sjølv, og smiler til ho som sit på andre sida av bordet.
At kremmarsjela som i nær heile sitt arbeidsliv har jobba innan service skulle jobba i eit omsorgsyrke, og i tillegg lika det, hadde han aldri sett føre seg.
– Og no skal du bli helsefagarbeidar?
– Yes! Det er veldig spennande. Når eg har vore på jobb og kjem heim, har eg det eigentleg bra, medgir 46-åringen på finnmarksdialekt.
Denne dagvakta har han vore med på stell og servert frukost. Stian har også begynt å utføra oppgåver aleine, på eiga hand tar han ulike målingar, som blodtrykk og blodsukker før legevisitten.
Ledig i halvtanna år
For nokre år tilbake var han ein travel franchisetakar på Narvesen i Haugesund. I fleire år tok han i mot lottokupongar, selde magasin og brus, og hadde konstant meirsal i hovudet i det daglege. Ein jobb han treivst i.
Arbeidsplassen blei historie då ein leigeavtale ikkje blei fornya.
Den neste perioden skulle vara i halvtanna år, og gjennom NAV-systemet fekk han som arbeidsledig prøva seg på både skule og anna arbeid, utan at det blei noko varig utav det. Den lange CVen var ikkje til noko hjelp i pandemien, men rådgjevaren hans på NAV Sveio var ei god støtte.
Gullbilletten
– Me hadde ein god dialog for å sjå om det var noko eg kunne gjera for å komma meg ut i arbeid, han visste at eg var interessert i å omskulera meg. Eg er ikkje laga for å vera i ro, seier han.
Då tilbodet Menn i helse blei nemnt, var Petrussen klar på at dette var noko han ville, sjølv om han i utgangspunktet ikkje var supergira på å setja seg på skulebenken. Han blei letta då han blei kjent med at det var veksling mellom skule og praksisarbeid.
Det blei gullbilletten til noko nytt.
Intensivt løp
Menn i helse er eit unikt prosjekt for menn mellom 25-55 år som mottar yting frå NAV. Gjennom eit utdanningsløp der ein startar som helserekrutt, tar ein fagbrev som helsefagarbeidar innan to og eit halvt år.
Praksis, sommarjobb, Vg1 Helse- og oppvekstfag, Vg2 Helsearbeiderfag, læretid og fagprøve blir unnagjort på rekordtid. Det er utan tvil eit tøft løpt.
– Det er ein periode der eg kjem til å gi alt. Me må ofra litt for å få det til. Det er ei unik moglegheit, seier Stian. Han seier me, for han er også familiemann.
I 2018 tok han flytta han og familien frå Hammerfest til Sveio, no bur på Vandaskog. Dei to ungane i heimen har begynt å veksa til, og klarar seg mykje godt sjølve. Det kjem godt med når pappa er så heldig at han også har fått ei helgestilling ved Sveio omsorgssenter.
Som om han ikkje hadde nok frå før, har han på eige initiativ starta på eit kurs i positiv atferdsstøtte ved sidan av skule og praksis.
– Eg brenn for dette, seier han.
Var heilt blank
Petrussen og ein annan kar frå Sveio greip sjansen gjennom Menn i helse, dei er rundt 20 i kullet som møtest på skulebenken med jamne mellomrom. Alle er utplasserte på Haugalandet og Sunnhordland. Fellesnemnaren er at dei er menn, som av ulike grunnar har kome i ein situasjon der dei stod utan jobb.
– Me er ein vaksen gjeng som har opplevd mykje. Eg trur det kan vera ein fordel med tanke på å jobba opp mot andre menneske, livserfaringa har litt å seia, trur Stian. For eigen seier han at han yt service, men på ein annan måte no enn før.
– Eg hadde inga tidlegare erfaring med dette. Eg var heilt blank då eg starta. Å stella folk som har levd eit langt liv, som ikkje klarar å gjera ting sjølv… Ein lærer fort at me er forskjellige alle saman, det er ikkje samleband, reflekterer han.
– Det gir meg mykje å hjelpa andre.
Unge og eldre
Før han starta hadde han eit bilete i hovudet om korleis det ville vera på sjukeheimen. Der skulle han omgi seg med eldre menneske. Det fann han raskt ut ikkje stemte, for det er også ein del yngre menneske som har behov for stell og pleie på korttidsavdelinga.
Ein treng ikkje nødvendigvis vera grå i håret for å ha kreft eller kols – eller sundbrekte bein i kroppen. På Vestbakken blir det gitt lindrande behandling, avlastning og rehabilitering.
Ei hand å halda i
På korttidsavdelinga er det mykje nytt å læra heile tida. Når han er på jobb, er han på topp. Det vil seia at han er ein ekstra ressurs i tillegg til dei faste. Sidan han starta på opplæringa i april i år, har han fått vore med på mykje.
Den mest spesielle opplevinga er å sitja ved senga til nokon som skal leggja ut på siste reis.
– Det er ei god og spesiell oppleving. Eg trudde ikkje det skulle vera slik, medgir Stian.
Som tilflyttar kjenner han ikkje nokon av pasientane frå før. Det ser han på som ein fordel.
– Då har eg noko å spørja om. Det er veldig greitt å få vita meir om dei, halda praten i gong, og på same tid er det ein sjekk over kva dei hugsar. Ein må vera merksam, seier han.
Heilt frå start
I tida under opplæring har Stian blitt tatt under Berit Bråtveit sine vengjer, første omgangen med opplæring varte i 12 veker. Ho har lært opp mange, men då Stian kom, var det noko heilt nytt, også for ho. Ein vaksen mann, utan å kunna eit fnugg av det som føregår på ein sjukeheim. Hennar tankegang måtte også leggjast om.
Første bod var å forstå at ein må ha respekt og gode haldningar ovanfor både pasientar og kollegaer. Det er i følgje den røynde hjelpepleiaren heilt grunnleggjande for å jobba i eit slikt yrke.
Ny erfaring
– Eg har drive med rettleiing av elevar og lærlingar i mange år. Dei er som regel mellom 16 og 18 år. Dette var litt annleis, seier Berit, som ikkje kan gjera anna enn å skryta over «skyggen» sin.
– Eg merka fort at han passa til dette, han tok det med ein gong, hadde rett innstilling og fekk ein god tone med pasientane, seier ho.
Takka vera Menn i helse har det kome ein mannleg arbeidar på arbeidsplassen. Det utgjer ein skilnad.
– Det bidrar til eit positivt arbeidsmiljø, seier ho, som har ein god tone med studenten.
Framtida
Til neste haust er Stian ferdig med den intensive studietida si, og kan endeleg kalla seg helsefagarbeidar. Tittelen gir moglegheiter innafor fleire arbeidsplassar. Framtidsdraumen er å få fast stilling som omsorgsarbeidar i Sveio på fulltid.