nyhende

Bømlafjordtunnelen:

Brannbil frå Førde stasjon på veg til Bømlafjordtunnelen for andre gong måndag.
Brannbil frå Førde stasjon på veg til Bømlafjordtunnelen for andre gong måndag.

Stengt tre gonger måndag

Ingen personar blei skadde, men Bømlafjordtunnelen var strengt i heile tre periodar måndag på grunn av ulike uhell i trafikken. Naudetatane, inkludert mannskap frå Førde brannstasjon, rykte ut til to av dei.

Publisert Sist oppdatert

Første gongen skjedde det mellom klokka 11 og 11.30, då det blei meldt om røykutvikling i tunnelen. Årsaka viste seg å vera teknisk feil på ein personbil.

To bilar involvert

Klokka 16.43 fekk politiet melding om at ein personbil hadde køyrt inn i tunnelveggen etter først å ha vore borti ein møtande bil. I alt var det fire personar i bilane. Alle kom frå uhellet utan fysiske skader, opplyser vaktsjef Brit Jorunn Løvereide ved Haugesund politistasjon til Vestavind.

– Her var marginane på deira side. Denne ulukka hadde potensiale i seg for alvorleg personskade, supplerer utrykningsleiar Bjarne Hetleseter i Sveio brannvesen.

I samband med dette uhellet fekk ein av bilførarane, fødd i 1948, førarkortet sitt beslaglagt, fortel Løvereide.

Motorhavari

Tunnelen var stengt fram til klokka 17.30 i samband med denne hendinga. Berre få minuttar etter opninga, klokka 17.34, kom det ny melding til politiet, denne gongen om ein tankbil som hadde stoppa inne i tunnelen på grunn av motorhavari. Av same grunn hadde også hadde også ein personbil stoppa midt i vegbana. Begge trong hjelp til å koma seg ut. Bilbergarar var på plass klokka 18.11, ifølge politiet sin logg. Ved 20-tida var vegen rydda og tunnelen open igjen.

Powered by Labrador CMS