nyhende
Stengjer Sveio skule onsdag på grunn av positiv korona-test
Ein tilsett ved Sveio skule har fått påvist korona. Skulen og SFO er derfor stengt i morgon, onsdag 28. oktober.
Onsdag kveld, like over klokka 23 sendte rektor Ben Jerry F. Ellingsen ut ei melding til føresette og tilsette ved skulen:
Seint i kveld 27. oktober, har vi fått melding om positiv test i forhold arbeidstakar ved Sveio skule. Vi treng å nytte morgondagen til å få oversikt over situasjonen i forhold til smittesporing. Sveio skule vil difor halde stengt for alle klassetrinn og SFO onsdag 28. oktober. Meir informasjon vil bli gitt fortløpande når ein veit meir. Vi beklagar ulempene dette vil medføre, men det er viktig no å avgrense smittespreiing så raskt som mogleg.
Det er rundt 510 elevar på barne- og ungdomsskulen.
Sidan meldinga kom seint tysdag kveld, er det ikkje så mange opplysningar som føreligg enda.