nyhende
Stengjer Stordabrua to gongar onsdag kveld
Montering av ei plattform gjer at Stordabrua vil stengast for trafikk to gongar i løpet av onsdag kveld. Arbeidet byrjar klokka 19 då helikopteret kjem flygande med plattformen. – Viss alt går etter planen er me ferdige klokka 20, seier byggeleiar Gunnar Juuhl i Statens Vegvesen.
Stordabrua har vore under utbetring ei god stund. Regulering av trafikk når ei ny høgd onsdag kveld då eit løft som krev helikopter gjer at heile brua skal stengast.
Det var Haugesunds Avis som først omtala saka.
– Me skal heisa opp to plattformer til brutårna, då må me stenga vegen, noko me har fått løyve til å byrja med frå klokka 19 av, seier Gunnar Juuhl i Statens Vegvesen.
Trur det vert kortare enn 30 minutt
Han er byggeleiar for prosjektet og forklarar at plattformene er heilt nødvendige om ein skal kunna jobba i høgda.
– I tårna har entreprenør installert midlertidig heis. Då er det fint å ha noko å kunne gå ut av heisen og stå på utan å falla ned, humrar Juuhl.
Samstundes som brua skal stengast vert det også stengt for nordgåande retning i Bømlafjordtunnelen.
– Me vil ikkje at folk skal verta ståande inni tunnelen. Men det er berre nordgåande retning, så dei på Bømlo kan framleis køyra sørover, seier han.
Monteringa av plattformene skal gjerast i to omgangar. Sjølv om dei har fått innvilga 30 minutt til kvart løft, vonar byggeleiaren at det går raskare.
– Ut i frå kva me har planlagd vert stenginga betydeleg kortare, eg håpar på berre eit kvarter, seier Juuhl.
– Kor lang tid vil brua vera stengt før begge løft er gjennomført?
– Helikopteret må tilbake og henta neste plattform, så i mellomtida opnar me både bru og tunnel for trafikk. Det vindauget trur eg varar i rundt 10 minutt, svarar han.
Gode forhold
– Bør reisande ha kryssa brua i god tid før klokka 19?
– Ja, slik det ligg an er det snakk om to løft kor begge fører til 15 minutt stenging. Går alt etter planen er me ferdige klokka 20. Men viss det skjer noko som kompliserer så kan det vara lengre. Me er truleg ferdige på ein time, seier Juuhl.
– Korleis ser forholda for vind og ver ut?
– Dei ser gode ut, svarar byggeleiaren.
Han understrekar at dei gjer alltid deira beste for å hindre trafikantane så lite som mogeleg. Og dei har fått med seg at arbeidet ligg nært eit kulturelt høgdepunkt.
– Me er klar over at det er teaterpremiere på Bømlo klokka 21. Det visste me ikkje då me planla, men no veit me det, seier han.