nyhende

Det blir stort sett berre mat å få hos Thor Kinn på Haukås ei periode framover, frå førstkomande måndag.ARKIVFOTO: IRENE FLATNES HALDIN
Det blir stort sett berre mat å få hos Thor Kinn på Haukås ei periode framover, frå førstkomande måndag.

Stenger pumpene i fleire dagar

Har du ein plan om fylle opp drivstofftanken dei næraste dagane? Då må du skunde deg om du vil gjere det på Shell-stasjonen på Haukås.

Publisert Sist oppdatert

Frå førstkomande måndag, og i mellom 5 og 10 dagar framover, blir det mykje gravearbeid på ved Haukås bensinstasjon.

Det er tre drivstofftankar, ein på 25.000 liter og to på 10.000 liter, som skal skiftast ut.

Meir enn 30 år gamle

Det er planlagt vedlikehald og opprusting det er tale om.

— Dei gamle tankane er i alle fall 30 år gamle, så det er på tide å byte dei ut, seier innehavar Thor Kinn.

Han fortel at dei vel å gjennomføre prosjektet på den tida av året, fordi det er ein roleg periode for den elles godt besøkte bensinstasjonen, som er den einaste mellom Aksdal og Stord på E39.

Han presiserer at sjølve butikken skal vere open i graveperioden, slik at dei som ønskjer det framleis kan få seg ei pølse eller anna varm mat.

Pumpene kan bli stengt i så mykje som 10 dagar. Håpet er at ein klarer seg med halvparten.

— Men då skal vi vere heldige, seier Kinn.

Asfalt

Når gravearbeidet er ferdig vil det meste sjå ut som før på Haukås.

— Det blir asfaltert på nytt, og arealet kan bli heva noko, seier Kinn.

Det er Knapphus Energi AS som står for utskifting av tankane, medan Sveio-verksemda Håvardsholm Maskin AS står for sjølve gravinga.

Powered by Labrador CMS