nyhende

Mortavika ferjekai.ARKIVFOTO: TORSTIEN TYSVÆR NYMOEN
Mortavika ferjekai.

Stenger Mortavika ferjekai for vedlikehald

Statens vegvesen skal skifte ein ferjelem på Mortavika ferjekai.

Publisert Sist oppdatert

Mortavika ferjekai blir stengt for trafikk frå og med tysdag 18. oktober klokka 10 til og med onsdag 19. oktober klokka 7.

Ferjene til Arsvågen vil i denne perioden gå frå Hanasand ferjeleie. Eigen rutetabell vil bli lagt ut på reiarlaget Fjord1 sin nettstad, melder Statens Vegvesen.

– Vi beklager ulempane endringa vil få for trafikantane, men vi må tenke sikkerheit også for morgondagen, og då er det naudsynt at ferjelemmen blir skifta, seier prosjektleder Trond Ingve Mølstre i Statens vegvesen i pressemeldinga.

Powered by Labrador CMS