nyhende
Stenger delar av vegen – no må du køyra rundt
Delar av Løkjavegen blir stengde frå torsdag formiddag, og kjem du frå Tjernagelvegen, må du no køyra rundt.
Bakgrunnen for stenginga er rasfare på deler av strekninga mellom innkøyringa frå Tjernagelvegen og innkøyringa til Sveio omsorgssenter.
– Bekken nedanfor har tæra på massane under vegen, så eg tør rett og slett ikkje la bilar køyra her, seier leiar for drift og vedlikehald i Sveio kommune, Johan Anders Semb.
Torsdag morgon var han ute for å setta opp sperringar både ved grusparkeringa ved Sveio omsorgssenter og på nordsida av vegen, ved innkøyrsla frå Tjernagelvegen.
Kommunen har no engasjert ein geolog som skal vurdera forholda på staden. I tillegg skal entreprenørar gi tilbod på utbetringsarbeidet.
Semb vil ikkje seia sikkert når vegen kan opnast att, men reknar med at han blir stengd i alle fall over påske.
– Skal du til Sveio legekontor eller omsorgssenteret, og kjem nordfrå på Tjernagelvegen, må du køyra ned til krysset ved innkøyringa til Sveiogata, opplyser han.