nyhende

Steinar har ordna med preparerte løyper for skigåarar

Med sin nye skisporsetter har Sveio Golfpark AS lagt forholda perfekt til rette for langrenn.

Publisert Sist oppdatert

– Me synes det er kjekt at golfbanen kan brukast heile året – også når det er snø, seier Gavin Hinds, pro og dagleg leiar i Sveio Golfpark.

Då den nye skisporsetteren blei prøvekøyrd for eit par dagar sidan, viste det seg at det var for lite snø. Men etter snøfallet i helga, var det tid for å prøva igjen. Seint søndag kveld tok Steinar Larssen runden og registrerte at den nye reiskapen på traktoren fungerte som den skulle.

To lysløyper, ei på fire, og ei på to og ein halv kilometer, står nå ferdig preparert for små og store skientusiastar.

– Parkeringsplassen vår har vore ganske full i dag, og me har sett mykje folk i løypene. Det er tydeleg at dette er eit populært, seier Hinds som håpar snøen blir liggjande ei god stund, seier Hinds.

Folk i farta!
Powered by Labrador CMS