nyhende
Steinar (17) tett på jaktande spekkhoggarar: – Heilt fantastisk oppleving
Søndag kom Steinar Våga (17) tett på spekkhoggarar som jakta på niser i Ålfjorden. – Eg har høyrt at det har vore spekkhoggarar her før, men aldri sett dei. Å få dei så tett på, og til og med filma dei, var heilt utruleg, seier Våga.
Han var tilfeldigvis nede i naustet på Våga og skulle rydda då han høyrde det plaska. Naboar gav også lyd frå seg, så han skjøna fort at det var noko spesielt som skjedde.
Sjå videoen lenger nede i saka.
Berre 10 meter unna
– Eg sprang ut og såg mange haifinnar eit stykke ut frå naustet. Dei dreiv å jakta på noko, og eg skjøna at det var spekkhoggarar. Eg var i ferd med å zooma inn på mobilkameraet for å filma dei, då eg plutseleg høyrde kraftige plask rett ved der eg sto. Eg skjøna at det måtte vera noko stort, og fekk filma då spekkhoggarane kom forbi i full fart berre 10 meter unna der eg sto, fortel Våga.
Det var ingen tvil om at spekkhoggarane var på nisejakt. I videoen kan du sjå eit glimt av nisa dei jaktar på inne ved naustet.
Flokk på 10-15 dyr
– Det var ei heilt fantastisk oppleving, og utruleg at eg fekk ein så bra film av det. Eg har høyrt at det har vore spekkhoggarar her før, men har aldri sett dei sjølv. Så tett på fekk eg også sjå kor store dei er, seier ein oppglødd Våga.
Flokken på 10-15 dyr jakta inne ved Våga i ein halvtimes tid før dei sette kursen ut Ålfjorden igjen.
– Dei fekk fangst også. Eg har sett fleire videoar andre har filma der ein ser at dei har tatt niser, seier Våga.
Følgde dei ut fjorden
Han varsla familien, og alle som var i nærleiken kom til og fekk med seg det spektakulære synet.
– Eg og onkelen min følgde også etter dei i båt eit stykke utover fjorden då dei var jakta ferdig. Det var også ei flott oppleving, fortel Våga måndag. Då er han tilbake til kvardagen igjen som skuleelev, men dagen har ikkje vore heilt som vanleg.
Han har fått mykje merksemd for den spesielle videoen, som først blei publisert i Haugesund Avis.
– Det er ein del medier som har tatt kontakt, og det er berre kjekt. Rett før eg snakka med deg, ringte VG og Dagbladet, fortel Våga.