nyhende

Politiet var på staden.
Politiet var på staden.

Steinane hagla etter sprengingsuhell

Ingen personar kom alvorleg til skade under eit sprengingsuhell på Ekrene næringspark tysdag. Dei materielle skadane derimot er store, både på bygg og køyretøy.

Publisert Sist oppdatert

Sprengt stein låg spreidd utover eit stort område på Ekrene næringspark tysdag ettermiddag. Politiet fekk melding om uhellet klokka 14.20.

Stein på foten

Ein person fekk ein stein på foten, men skal ikkje vera alvorleg skada. Av materielle skadar gjekk det verst ut over næringsbygget til Last Haugesund AS, der mange vindauge blei knust og fasaden fekk store skader.

Også mange bilar ute på plassen fekk bulkar i karosseriet og knuste vindauge. Ansvarlege for sprenginga er Vassbakk & Stol.

Arbeidstilsynet varsla

Politiet har vore på staden for å gjera åstadsundersøking, og for å avhøyra skytebasen. Det er oppretta sak for å avdekka om nokon kan lastast for hendinga.

– Arbeidstilsynet er varsla, det er også HMS for det aktuelle verksemda. Det opplyser vaktsjef ved Haugesund politikammer, Gunnar Sande, til Vestavind.

Powered by Labrador CMS