nyhende

Statsministeren heidra minnet av norske veteranar etter D-dagen

Bodskapen frå D-dagen for 80 år sidan er like aktuell i dag, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) etter at han heidra norske veteranar i Normandie torsdag. Ein av dei inviterte gjestene var Bjørg Elin Økland, dotter til krigsveteran Nils Severin Økland frå Sveio.

Publisert Sist oppdatert

Saman med kronprins Haakon, forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) og fleire forsvarstoppar markerte statsministeren torsdag norske falne under invasjonen.

Blant 150.000 allierte soldatar og sjøfolk som deltok under den allierte invasjonen på dagen for 80 år sidan, var det også 3000 nordmenn. Av dei mista 52 livet.

– Det er ein vakker junimorgon på ei fredeleg stand, der ein høyrer sjøen i bakgrunnen. Det er ein sterk kontrast til kva som gjekk føre seg 80 år sidan, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) til NTB.

Dotter til Nils Severin Økland deltok

Bjørg Elin Økland, dotter til Nils Severin Økland, var ein av etterkomarane som var invitert med til markeringa av 80-årsdagen. Krigsveteranen frå Sveio døydde 7. november i fjor, og ville ha fylt 109 år 16. februar.

I 2020 gav han ut si livshistorie i bokform, i samarbeid med dottera Bjørg Elin og Sveio Kystlag. Kaptein Økland var då Bergens eldste mann på 105 år og debuterer som forfattar. I boka «Aldri gi opp», fortel han frå sitt innhaldsrike liv, frå oppveksten på Eikeland i Sveio, om då han rømte til Shetland under andre verdskrig og tenestegjorde som skyttar i Handelsflåten.

Vestavind har skrive fleire artiklar om Økland dei seinare åra. Han er heidra fleire gonger, mellom anna med den franske Æreslegionen og eit portrett som han ikkje rakk å sjå fullført før han døydde.

Same verdiar

– Dei som kjempa her for 80 år sidan, kjempa for dei same verdiane som vi trur på i dag. Dei kjempa for fridom og demokratiske verdiar, seier Støre.

Statsministeren seier minnet om det internasjonale samarbeidet er like aktuelt no som det var i 1944.

– Det som skulle bli byrjinga på slutten av krigen, måtte byrje med ein landgang, og det måtte komme her. Dei skulle nedkjempe det nazistiske tyranniet og bestod av ein brei allianse av land, seier Støre medan han står med bølgjene frå Sword beach bak seg.

Ukraina og samhald

– Og det er relevant i dag også: USA og Europa stod saman, og det må vi framleis halde fast ved, seier statsministeren.

Støre ser parallellar til dagens konfliktbilete i Europa, med krigen i Ukraina og behovet for ei samla europeisk haldning saman med USA.

Tidlegare har norske veteranar vore med på markeringane i Normandie. I år var fire etterkommarar til stades under kransnedlegginga som kronprinsen utførte framfor det norske monumentet.

I talen minte Støre også om korleis franske soldatar rykte ut og deltok i slaget om Narvik og at norske soldatar nokre år seinare deltok i den storstilte invasjonen av Normandie.

Powered by Labrador CMS