nyhende

Mange bilar som ikkje har gjennomgått EU-kontroll, burde aldri vore på vegen, meiner Statens vegvesen. Illustrasjonsfoto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK
Mange bilar som ikkje har gjennomgått EU-kontroll, burde aldri vore på vegen, meiner Statens vegvesen.

Statens vegvesen åtvarar mot juks med EU-kontroll

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Dei siste månadene har Statens vegvesen avdekt mange tital falske EU-kontrollar på køyretøy i fleire fylke. Dei er bekymra for store mørketal.

– EU-kontrollen er eit viktig bidrag til å avdekkje trafikkfarlege bilar. Verkstader som utfører EU-kontroll, har eit stort ansvar for å luke ut desse bilane. Statens vegvesen ser svært alvorleg på at enkelte verksemder og kontrollørar juksar med EU-kontrollane, seier Einar Eskilt i Statens vegvesen i ei pressemelding.

I kontrollar i Innlandet og Telemark har Statens vegvesen avdekt 180 fiktive kontrollar i haust og vinter. Jukset kan vere at bilen er meld inn som godkjend heilt utan kontroll, eller at openberre feil og manglar ikkje har vorte registrerte. I nokre tilfelle har kundar betalt direkte til kontrolløren. Då avdekkjer ein ikkje feil i bremser, dekk og felg, farleg rust i den berande konstruksjonen, eller skadar som påverkar sikta, for å nemne noko.

– Det er dessverre mange bilar på vegen som aldri burde vore der i den tilstanden dei er, seier Eskilt.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS