Harry Lie og Lailia Vikse Lie ved næbrutikken i Valevåg skrudde av fleire maskinar for å spare på straum. No ligg dei an til å få straumstøtte frå kommunen.ARKIVFOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET
Staten set av 23 millionar til straumstøtte for nærbutikkar
NPK: Det er semje på Stortinget om å løyve 23 millionar kroner til ei mellombels, rammestyrt straumstøtte for å hjelpe små distriktsbutikkar som slit med høge straumprisar. No blir forslag til regelverk for ordninga sendt ut på høyring og målet er å få pengane ut til butikkane før jul.
NPK: Det er semje på Stortinget om å løyve 23 millionar kroner til ei mellombels, rammestyrt straumstøtte for å hjelpe små distriktsbutikkar som slit med høge straumprisar. No blir forslag til regelverk for ordninga sendt ut på høyring og målet er å få pengane ut til butikkane før jul.
Formidabel auke
– Mange små daglegvarebutikkar i distrikta har opplevd ei formidabel auke i straumrekningane denne hausten. Det er ein reell fare for at fleire må legge ned drifta viss dei ikkje får hjelp. Eg er difor glad for at det er semje i Stortinget om å løyve 23 millionar kroner til denne ordninga, og vi jobbar iherdig for at pengane skal nå ut til butikkane før jul, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik i ei sak på nettsidene til Merkur.
Den nye straumstøtteordninga, som no blir sendt på ei kort høyring, gjeld alle registrerte Merkur-butikkar, som over lengre tid har hatt høge straumprisar i 2022 (over 70 øre pr. kWh).
Forslaget inneber at butikkane får kompensasjon for sine straumkostnader (eks nettleige), når prisen er over 70 øre per kWh. Butikkane kan berre få dekka straumutgifter i perioden september til desember 2022. Butikkane vil kunne få dekka 80 prosent av kostnadane over 70 øre per kWh.
Høyringsfrist 25. november
– Nærbutikken er viktig for mange små lokalsamfunn – og dette er tenester vi vil halde i gang. Eg håpar denne straumstøtta kan verte til god hjelp for butikkar som treng ei handsrekning no. Det er derfor viktig at dei som har innspel til ordninga kjem med innspel raskt, seier Gjelsvik.
Forslaget til straumstøtte-ordning er sendt ut på høyring til Merkur-styret, Merkur-konsulentane, Virke og nokre kommunar. Høyringsfristen er sett til 25. november. Alle som ønskjer det, kan uttale seg, sjølv om dei ikkje er oppført på lista over høyringsinstansar