nyhende

Oslo 20210108. Lading av elbil i gata. Elbil-lader, lader, ladeboks.Elbil lades oppFoto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Oslo 20210108. Lading av elbil i gata. Elbil-lader, lader, ladeboks.Elbil lades opp

Staten betaler 75 prosent av ladekostnadene for elbilar

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Med dagens straumprisar tek staten mesteparten av laderekninga for dei rundt 500.000 elbileigarane i landet når dei ladar bilen heime.

– Utan straumstøtte hadde ladinga av elbilen vorte rådyr, seier kommunikasjonsrådgivar Nils Sødal i Naf i ei pressemelding.

Ladar du ein Volkswagen ID. 4 frå 0 til 100 prosent heime når spotprisen er 6 kroner per kilowattime (kWh), kostar det 623 kroner inkluderte elavgift, moms og nettleige utan straumstøtte. Prisen med straumstøtte er 164 kroner.

– Viss spotprisen er seks kroner, vil straumstøtta dekkje mesteparten av laderekninga, seier Sødal.

Ifølgje Naf reddar straumstøtta elbilsatsinga i Noreg. Utan støtta kunne prisen på å lade heime vorte eit hinder som bremsa overgangen til elbilar i Noreg, meiner organisasjonen.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS