nyhende
Startskot for haustjakta
Tusenvis av jegerar går no ut på etterlengta jakt. Frå 10. august blir det opna for jakt på rådyrbukk.
Den ordinære rådyrjakta startar 25. september. Det er likevel ope for jakt på rådyrbukk frå og med 10. august. Det betyr at jakta straks startar for mange tusen norske jegerar.
– Dette er starten på årets beste tid, og eg kan absolutt anbefala bukkejakt. Det er både spennande, vanskeleg og meningsfullt. Ei god regulering av stammen gir mange friluftsopplevelsar, sunt kjøt og reduserer talet viltpåkøyrslar, seier Jo Inge Breisjøberget, fagsjef jakt og fiske i Statskog SF i ei pressemelding.
Rådyrjakt går ofte føre seg i kantsonar, gjerne i skogbelte ned mot dyrka mark. Jaktområda er ofte nært tettbygde strøk og kan skje heilt inn mot byområde.
I sesongen 2019-2020 vart det totalt felt 31 920 rådyr i Noreg. Uttaket dei siste ti åra er relativt stabilt.