nyhende

Første dag på nystarta tilbod ved Auklandshamn skule. Frå venstre Ella Økland, Sarah Rush Lien, assistent Astrid Opedal Marthinussen, Ida Jensen, Gabriel Gravelsæter-Gravdal, assistent Elise Våga, Helena Gjerde, Adela Kathrin Velde, Serine Christiansen, Vilhelm Haugland Lien og rektor Camilla Fagerland Tverfjell.FOTO: EINAR VESTVIK
Første dag på nystarta tilbod ved Auklandshamn skule. Frå venstre Ella Økland, Sarah Rush Lien, assistent Astrid Opedal Marthinussen, Ida Jensen, Gabriel Gravelsæter-Gravdal, assistent Elise Våga, Helena Gjerde, Adela Kathrin Velde, Serine Christiansen, Vilhelm Haugland Lien og rektor Camilla Fagerland Tverfjell.

Starta skuleåret med ny SFO

Onsdag starta skulane i Sveio opp igjen etter sommarferien. Auklandshamn skule starta dessutan skuleåret med eit nytt tilbod, skulefritidsordning på onsdagar og fredagar.

Publisert Sist oppdatert

— Dette har me jobba hardt for å få til, seier rektor Camilla Fagerland Tverfjell til Vestavind.

Ho er godt nøgd med at åtte born frå første til fjerde klasse er med på SFO-tilbodet frå starten av. Oppslutninga viser at det er behov for tilbodet, seier ho. Ho har også inntrykk av at foreldra er nøgde med å få dette tilbodet på dei to dagane som for mange er mest krevjande.

Gratis kjernetid

Etter vedtak sentralt er det innført gratis kjernetid i SFO for førsteklassingane. Med SFO to dagar i veka inneber dette at tilbodet er heilt gratis, bortsett frå matpengar, for førsteklassingane i Auklandshamn.

Skulane i Sveio har korte skuledagar for dei yngste elevane onsdag og fredag. Derfor er SFO-tilbodet ved dei minste skulane, Auklandshamn og Valestrand, lagt til desse dagane og varer frå skuleslutt til klokka 16.

Ved Førde, Sveio og Vikse skular er det SFO-tilbod kvar skuledag.

— Kjekke aktivitetar

Til dagleg er det Astrid Opedal Marthinussen og Elise Våga som skal vera saman med borna på SFO i Auklandshamn.

—Me har lagt opp til mange kjekke aktivitetar både inne og ute, fortel Marthinussen.

Første SFO-dagen starta med friminutt. Deretter hadde dei samlingsstund og så matøkt. Då Vestavind var på besøk var borna ivrig opptekne med ulike aktivitetar inne på skulekjøkenet, som også fungerer som SFO-lokale.

Det er lenge sidan Auklandshamn skule har hatt SFO-tidbod, men det var eit slikt tilbod like etter at skulen var ny i 1997, fortel rektor. Dette blir stadfesta av reinhaldar Gunnbjørg Stueland, den einaste av dei tilsette ved skulen i dag som også var tilsett den gongen.

Powered by Labrador CMS