nyhende

På oppstillingsplassen på motsett side av fylkesgrenseskiltet har nokon forsynt seg frå ein hengar. Arkivfoto: Ellen Marie Hagevik
På oppstillingsplassen på motsett side av fylkesgrenseskiltet har nokon forsynt seg frå ein hengar.

Stal frå hengar ved fylkesgrensa

I samband med rydding av skjæringane langs E39 gjennom Sveio, blir det lagra ein del utstyr. Det har fått stå i fred. Til tysdag.

Publisert Sist oppdatert

Skilt og såkalla sebrastriper som blir brukte for å merka og sikra vegen der ryddearbeidet pågår, blir teke vekk når arbeidet for kvelden er ferdig. Frå onsdag kveld til måndag morgon er det «langlagring» sidan arbeidet pågår morgon til kveld måndag til onsdag.

Stal baklem

Utstyret blir lagra på ein stor hengar, og dei siste vekene har den stått på oppstillingsplassen ved fylkesgrensa. Det har gått heilt fint, til tysdag morgon.

Då hengaren skulle køyrast til området ved Fjontunnelen, oppdaga trafikkdirigentane at noko mangla. Mellom måndag kveld og tidleg tysdag morgon hadde uvedkommande demontert og stole baklemmen på hengaren.

Vil gjerne ha tips

Sjur Helge Ramstad i Søvik og Ramstad AS, som står for trafikkdirigeringa, har aldri opplevd dette før.

– Det hender me finn skilt som er slengt rundt, men det er første gong at noko blir stole. Og ein hengarlem av alle ting. Det ser ut som det er det einaste tjuven har tatt med seg, seier han.

Å melda det litt uvanlege tjuveriet til politiet er ikkje aktuelt, men Ramstad vil gjerne ha tips om bilistar har sett noko på veg forbi oppstillingsplassen. Tipsarar kan ta kontakt med han eller ein av trafikkdirigentane som er på jobb.

Powered by Labrador CMS