nyhende

PolitiUP er ikkje berre å treffa på E39. Det fekk trafikantar på Ålfjordvegen merka tysdag.

Stal bil utanfor butikk – funnen med app

I morgontimane vart ein bil stolen i Sveio. Eigaren melde frå til politiet, og fann sjølv både tjuv og bil gjennom å følgja bilen si plassering på ein app.

Publisert Sist oppdatert

– Det var ein bil som vart stolen utanfor Kiwi i Sveio i torsdag morgon, seier vaktsjef ved Haugesund politistasjon Gunnar Sande.

Eigaren av bilen melde sjølv frå til politiet då det var oppdaga rundt klokka 07.00. Dei rykka ut og fekk god hjelp av den som sakna bilen sin.

Fann både bil og tjuv

– Han som eigde bilen hadde ein app som kunne følgja bilen, og den vart kjapt funnen saman med tjuven, seier Sande.

Vaktsjefen seier det ikkje var så langt i frå kor bilen var stolen, og at dei er sikre på å ha funne den som står bak tjuveriet.

– Han er konfrontert med tjuveriet og har levert både bil og nøklar att. Ei sak er oppretta, og me ser den som oppklart, seier Sande.

Orka ikkje gå heim

– Veit de motiv for tjuveriet?

– Nei, ikkje anna enn at vedkommande som tok seg til rette ikkje orka å gå heim, svarar han.

Personen dei meiner står bak tjuveriet er ein mann i 30-åra og ein gamal kjenning av politiet. Det vart ikkje noko skade på bilen.

Powered by Labrador CMS