nyhende
Stakk av frå kontroll i Sveio, stoppa av UP i Tysvær
UP måtte avbryta ein trafikkontroll på Haukås tysdag for å leggja seg på hjul etter ein mistenkeleg bilførar. Bakgrunnen var eit bøyd og uleseleg skilt.
Først ved Verkstaden ved E39 i Tysvær klarte UP å stoppa mannen i 30-åra.
– Han er mistenkt for ruskøyring og hadde svært høg fart. Mannen hadde heller ikkje førarkort, fortel politiførstebetjent Kjetil Nesbu til Vestavind.
Det var litt etter klokka 11.00 tysdag føremiddag at politijakta starta. Nesbu vil ikkje gå i detalj om kor fort mannen køyrde etter politiet si gjennomsnittsmåling, men seier det er fleire forhold ved denne saka som vil gi grunnlag for straffesak.
Nesbu var i ferd med å følgja sørgåande trafikk i 60-sona gjennom kikkert for å avsløra om nokon brukte handhalden mobiltelefon, då bilen med det uleseleg skiltet dukka opp og kontrollen måtte avbrytast.