nyhende

Sveio kommune har ei låg arbeidsledigheit på berre 1,2 prosent.ARKIVFOTO
Sveio opplevde ein negativ utvikling i folketalet i 2021.

Stadig fleire sveibuar kjem i jobb

Arbeidsledigheita i Sveio er på berre 1,2 prosent. Det viser ferske tal frå Nav.

Publisert Sist oppdatert

I mai står 1,1 prosent av arbeidsstyrken heilt ledig i Sunnhordland. Det er ein nedgang på 54 heilt ledige personar i høve mars månad.

I mai månad var det 498 ledige stillingar registrert hos Nav i Sunnhordland. Flest stillingar var det innan Helse, pleie og omsorg (145), Industriarbeid (55) og Ingeniør- og ikt-fag (52).

33 personar busett i Sveio står heilt utan jobb. Det er 19 færre enn på same tid for eitt år sidan, og utgjer 1,2 prosent av arbeidsstyrken.

Håvard Lægreid, leiar i NAV region Sunnhordland.

— Sjølv om arbeidsløysa er låg følger Nav opp mange enkeltpersonar med mål om arbeid, som star utanfor arbeidslivet av andre årsaker. Det er viktig at me sikrar desse personane individuelle tilnærmingar som gir resultat iform av lønna arbeid, seier leiar Håvard Lægreid i NAV region Sunnhordland i ei pressemelding.

 Jobbspesialistar gir resultat

Jobbspesialistar er éi av tilnærmingane Nav har for å kunne gi individuell oppfølging med mål om arbeid. Jobbspesialistane er tilsette i Nav som skal gi bistand til dei som har som mål å få og/eller behalde ordinært lønna arbeid.

— Basert på arbeidsgjevarane sine behov for nye medarbeidarar tek jobbspesialistane utgangspunkt i den enkelte arbeidssøkar sine jobbønske, styrker, motivasjon og heilskaplege kompetanse for å skape best mogeleg jobbmatch. Metodikken me jobbar etter heiter «Supported Employment«, seier Maria Sadowska, avdelingsleiar for Jobbspesialistane i NAV region Sunnhordland.

Jobbspesialistar finn me i region Sunnhordland i dei NAV-interne tiltaka Utvida oppfølging og IPS – som begge har gode resultat og førebygger utanforskap, og fører til jobb, utdanning og livsmeistring for den enkelte.

— I både Utvida oppfølging og IPS samarbeidar jobbspesialistane tett med arbeidsgjevarar om jobb for den enkelte, og jobbspesialisten følger opp både arbeidssøkar og arbeidsgjevar så lenge det er behov for det. I IPS er det også eit integrert samarbeid mellom Nav og helse, fordi arbeid vert sett på som en viktig del av behandlinga., seier Maria Sadowska

Utvida oppfølging og IPS kan óg inkludere samarbeid om skuleløp, som på sikt gir jobb. I IPS ung kan eitt av måla vere at dei unge skal starte eller fullføre utdanning, for deretter å kome i jobb. Eit anna eksempel er Utvida oppfølging i opplæring, der jobbspesialisten gir støtte til unge som gjennomfører fag- og yrkesopplæring som arbeidsmarknadstiltak.

Lågast arbeidsløyse i Etne og Kvinnherad

I Sunnhordland er det i mai lågast arbeidsløyse i Etne og Kvinnherad (begge 0,9 %). Snittet for heile Sunnhordland er på 1,1 prosent, som er lågare enn gjennomsnittet for både Vestland og landet (begge 1,6 %).

Powered by Labrador CMS