nyhende

Skjermbilde.
Skjermbilde.

Stadig fleire barn bur saman med begge foreldra

Ved årsskiftet var det 1.092.900 barn under 18 år i dei 628.500 barnefamiliane i Noreg. Samanlikna med for ti år sidan bur fleire barn saman med begge foreldra.

Publisert Sist oppdatert

Dette går fram av statistikk frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Statistikken viser også at talet på barnefamiliar har gått ned dei siste åra.

Det var i snitt 1,74 barn per barnefamilie, og dei fleste barnefamiliane var såkalla kjernefamiliar. Ein kjernefamilie er kjenneteikna ved at barna i familien bur saman med både mor og far. Ved årsskiftet var det 445.000 familiar der barna budde med begge foreldra sine, og det utgjer 70,8 prosent av alle barnefamiliar.

For ti år sidan var dette talet 67,4 prosent.

– Samanlikna med for ti år sidan er det no fleire barn som bur saman med begge foreldra sine, og færre som bur med ein forelder eller steforeldre, seier seniorrådgivar Espen Andersen i SSB.

Skjermbilde.

Talet på barnefamiliar med ein forelder, pluss familiar med særkullsbarn, altså barn frå eit tidlegare forhold, har gått ned dei siste åra. Ved inngangen til 2025 var det 122.600 barnefamiliar med ein forelder, og det utgjorde 19,5 prosent av alle barnefamiliar.

Det var samstundes 60.900 familiar med særkullsbarn, altså 9,7 prosent. I 2015 utgjorde desse familietypane ein større del av barnefamiliane: 20,2 prosent av barna budde saman med ein forelder, og 23 prosent var familiar med særkullsbarn.

– Ei av årsakene til endringane kan vere at fleire ventar lenger med å etablere seg i parforhold, og at desse har blitt meir stabile når det gjeld det å få barn, seier Espen Andersen.

Powered by Labrador CMS