nyhende
Korn i aust og beite i vest – slik vart den norske landbruksmodellen skapt
På 1950-talet bestemte politikarane seg for å effektivisere landbrukspolitikken. Det er hovudgrunnen til at nesten all korndyrking i Noreg skjer i aust, og at vestlandsbønder stort sett driv med husdyr.
– Kanaliseringspolitikken kom som eit resultat av at det var overproduksjon av mjølk, samstundes som det blei produsert for lite korn til fôr, forklarar forskar Anders Mahlum Melås ved forskingsinstituttet Ruralis til Nynorsk pressekontor.
Dei færraste i dag har opplevd norsk landbruk utan ein slik politikk. At bøndene i vest driv med husdyr og grasproduksjon, og bøndene på flatbygdene i aust produserer korn er ikkje tilfeldig. Det er det staten som indirekte har bestemt ved å regulere.
Målet har vore å maksimere utnyttinga av ressursane betre, styrkje matberedskapen og ha eit aktivt landbruk i heile landet. Staten brukar i dag verkemiddel som målpris på korn, prisnedskriving og fraktutjamning for å styre produksjonen.
Bønder la om
På 1920 og 30-talet hadde vi overproduksjon av mjølk i Noreg. Det blei prøvd bøta på med tiltak som til dømes at ein blanda mjølk i margarin, men store strukturendringar i jordbrukspolitikken kom ikkje då. Først nokre år etter krigen, då overproduksjon igjen blei eit problem, blei politikken drastisk endra. Gerhardsen-regjeringa vedtok i 1951 at vi med eitt grep skulle dyrke meir korn og samstundes avgrense mjølkeproduksjonen. Kanaliseringspolitikken var eit faktum.
– Tanken var at viss ein sette eit fast prisforhold mellom korn og mjølk, så ville dei som dreiv med mjølk i kornområda få betre betalt om dei gjekk bort frå husdyr og byrja med korn.
Kornproduksjon er òg enklare, og kan lettare la seg kombinere med jobb utanfor garden enn husdyrhald – sidan ein ikkje er bunden til faste mjølketidspunkt.
– Staten såg for seg at den fleksibiliteten i kombinasjon med prisreguleringa ville få fart i omlegginga. Og dei fekk rett, kornarealet i Noreg auka veldig mykje frå 50-talet til heilt ut på 90-talet, seier Mahlum Melås.
I tillegg førte politikken til at bønder i grisgrendte dalar og langs kysten i nord og vest kunne produsere mjølk utan å konkurrere med meir produktive areal.
– Tanken var å skape ei geografisk produksjonsfordeling. Då ville ein få ein auka storleik på kaka totalt sett. Ved å overføre produksjonskapasitet frå ein sektor til ein annan.
Jordbruk over alt
Kanaliseringspolitikken blei òg ein katalysator for det som på 1970-talet blei eit formalisert politisk mål: At vi skal ha landbruk i heile landet.
– Eg trur at det hadde vore landbruk nesten over alt, også utan kanaliseringspolitikken, men det hadde blitt vanskelegare å drive med mjølkeproduksjon i dei minst produktive områda, seier Mahlum Melås.
På 1980-talet blei mjølkekvoteordninga ein del av kanaliseringspolitikken. Innføringa innebar at mjølkeproduksjonen på kvart gardsbruk vart avgrensa av historisk leveranse – produserte ein meir enn kvoten vart prisen ein fekk for mjølka sterkt redusert. På 1990-talet blei ordninga vidareført og ein fekk kvoteregionar.
– Då det utpå 2000-talet vart innført privat sal av kvotar, innebar det at bønder i til dømes Sogn og Fjordane ikkje kunne selje kvoten sin vidare til bønder utanfor regionen sin. Det vart eit veldig viktig verkemiddel for å halde oppe produksjon i heile landet. Dette var altså ikkje ein del av den opphavlege kanaliseringspolitikken, men vart det undervegs, fortel Ruralis-forskaren.
Lite kontrovers
Politikken, som har blitt omtalt som den mest sentrale og minst kontroversielle av dei produksjonsregulerande tiltaka i landbruket etter krigen, kan på papiret virke svært inngripande for næringa. Så kvifor har han møtt så lite motstand?
– Innanfor landbruket har det vore veldig lite omdiskutert. Mange tenker på norske bønder som ei homogen gruppe, men det er dei ikkje. Du har fôrprodusentar på den eine sida og husdyrbønder på den andre sida – alle er avhengige av å få ein god pris for det dei produserer. Dei står i eit gjensidig avhengnadsforhold til kvarandre.
Viss den eine gruppa får betre økonomi, vil det gå utover økonomien til dei andre.
– Difor er kanaliseringa ei ordning som regulerer desse motsetnadene mellom ulike bønder og regionar, forklarer Mahlum Melås.
Men det er likevel ikkje berre gull og grøne skogar med kanaliseringspolitikken. Mellom anna er det kontroversar rundt jordsmonn.
– Politikken har ført til ein del miljøproblem. På slutten av 80-talet og byrjinga av 90-talet blei det tydeleg at kornområda over tid får problem med erosjon som armar ut jorda og fører til at mykje næringsstoff blir vaska ut. I andre område blir det opphoping av husdyrgjødsel. Viss ein kunne spreidd husdyrgjødsla på ein enklare måte over kornåkrane, så hadde ein sloppe unna noko av den kunstgjødselbruken som landbruket tidvis blir kritisert for, meiner Mahlum Melås.
Vil ha omlegging
Sjølv om kritikarane er få, er det likevel nokre som meiner tida er moden for at vi fullt og heilt bør kvitte oss med kanaliseringspolitikken.
– Dei siste tiåra har ikkje politikken fungert. Sjølvforsyningsgrada er låg, økonomien i landbruket har vore ganske dårleg for mange og det har blitt ein dyr politikk for staten, seier statsvitar og tidlegare bonde Harald Borgebund til Nynorsk pressekontor.
Han meiner det er merkeleg at politikken har så brei støtte både i landbruksnæringa og blant politikarane.
– Når ein har hatt denne politikken i nesten 80 år utan at det har ført til lønnsemd eller sjølvforsyning, så er det på tide å revurdere, meiner Borgebund.
Mahlum Melås i Ruralis peikar på at det vil krevje store ressursar å gå vekk frå kanaliseringa.
– Det er materielle strukturar i botnen. Meieria og kornmøllene er plassert der dei er. Det same gjeld maskinentreprenørane. Infrastrukturen byggjer på ein gammal tanke. Det er ikkje berre-berre å snu skuta. Innanfor landbruket og i politikken er det støtte for geografisk produksjonsfordeling og kanaliseringspolitikk, seier han.