nyhende

Generalsekretær i Landslaget for lokalaviser (LLA)Tomas Bruvik, kommenterer i dag oppløftande, ferske opplagstal for lokalavisene.
Generalsekretær i Landslaget for lokalaviser (LLA)Tomas Bruvik, kommenterer i dag oppløftande, ferske opplagstal for lokalavisene.

Stabile opplagstal for lokalavisene

Nye opplagstal for første halvår 2020, bekreftar at lokalavisene framleis står sterkt i Noreg.

Publisert Sist oppdatert

Lokalavisene står framleis sterkt blant folk. Dei over 110 avisene tilslutta Landslaget for lokalaviser (LLA) har omtrent same samla opplagstal siste halvår som førre halvår, og digitaliseringa og innovasjonstakten i mediebransjen held fram.

Dette er representativt for Vestavind, lokalavisa i Sveio, som har eit samla opplag på 1515, noko som er ein nedgang på -4 sidan førre halvår.

9 av 10 digitale

Nær 90 prosent av LLA-avisene sitt opplag er no tilgjengeleg digitalt, der lesarane får lokal journalistikk og annonsar både på nett og papir. Det viser ferske opplagstal som LLA og Mediebedriftenes Landsforening (MBL) legg fram i dag.

LLA-avisene sitt samla opplag er stabilt. Avisene har nå eit netto opplag på rundt 361.000. Samanliknbare tal med førre halvår, viser ein nedgang på rundt 1000 abonnentar.

Lokal identitet

Slik kommenterer generalsekretær i LLA, Tomas Bruvik, dei ferske opplagstala:
– Lokalavisene har alltid gjort ein viktig jobb. I tillegg til å gje innbyggjarane nyhende som betyr noko for folk sin kvardag, bidrar lokalavisene til å skapa samhald og lokal identitet. Også etter at korona-epidemien slo inn over Noreg, har me fått demonstrert at lokalavisene tek samfunnsansvar. Avisene våre har bidratt med livsviktig informasjon for innbyggjarane, seier Tomas Bruvik.

Powered by Labrador CMS