nyhende
SSB: Bankane tente 138 milliardar på renter i 2024
Både renteinntekter og -kostnader auka for bankane i fjor, men inntektene auka mest. Netto renteinntekter auka med 5,6 prosent samanlikna med 2023.
Statistisk sentralbyrå (SSB) viser til tal frå statistikken Bankar og kredittføretak som viser sterkare resultat etter skatt for bankane i 2024 enn i 2023.
Bankane hadde rentekostnader på nesten 275 milliardar kroner i 2024. Samtidig tente dei vel 412 milliardar kroner på renter, slik at nettorenteinntekter var 138 milliardar kroner. Det er ein auke frå 2023 på 7,4 milliardar.
Samtidig auka det totale kredittapet til bankane 4,1 milliardar kroner i 2023 til 6,8 milliardar kroner i 2024. Det var særleg stor auke i tap på utlån, der tapet var 3,7 milliardar i 2024. Det er ein auke på meir enn 78 prosent frå 2023.