nyhende
Sprer glede med nytt antrekk kvar dag i advent
Julesko, julegenser, julepynt i håret. Slik er adventstida for Stine Marie Johannessen Heimestøl (33), som har eit mål om eitt nytt juleantrekk kvar dag fram mot jul.
Desember nærmar seg med stormskritt, og kolleksjonen er henta fram. I stova på Krossleite heng ulike juleklede fint dandert på kleshengarar, rangert frå litt kjedelege og anonyme utan lyd og lys, til heilt crazy.
Heilt i enden er det glansfulle tights, glitrande tre og ei raud skinnande gåve – med plass til både armar og bein. Kleda skal brukast i den rekkefølgja, slik at det blir meir jul for kvar dag.
Lånar litt
– Siste veka går eg all in, men eg må sjå korleis det slår an, smiler Heimestøl. Store delar av juletida skal tilbringast på jobb som spesialpedagog på Danielsen Ungdomsskole Haugesund.
Blant elevane og kollegaene har det begynt å ryktast at Heimestøl har eit arsenal av juleklede på lur, faktisk 21 ulike antrekk til saman. Flest genserar, nokre heildressar og kjolar. For å dekka opp alle dagane, blir det nok ein liten tur i herregarderoben for å låna litt.
Nølte i starten
Heimestøl, som er oppvaksen i Haugesund, har alltid vore glad i jula, men har og vore den som beundra andre sine julegenserar og hovudpynt, før ho nølande heiv seg med. Då blei det etter kvart med full styrke.
Sjølv blir ho i godt humør av å kle seg «julete».
– Og når eg har godt humør, smittar det over på andre. Som lærar er det viktig å behalda fantasien og det barnlege i seg. Det synest ungane og ungdomane er veldig kjekt. At noko så enkelt kan gleda så mange, smiler ho.