nyhende

Sprek hundreåring avviste skyss i striregnet

Det var ein rørt 100-åring, Jon Ludvig Berstad, som fredag morgon blei overraska med bursdagssong, flag og helsingar utanfor huset sitt i Auklandshamn.

Publisert Sist oppdatert

Jon Ludvig Berstad var midtpunktet denne skuledagen på Auklandshamn skule.

På eigne bein

– Tenk han går opp til skulen på eigne bein, og er heilt klar i hovudet, var det nokon som bemerka.

Frå lærarhald blei det også framheva at elevane har stor respekt på jubilanten, og fleire var mektig imponerte då hundreåringen på sparket tok imot invitasjonen og blei med opp til skulen for å eta bursdagskake. Regnet rann i strie straumar denne morgonen, og Berstad fekk også tilbod om bilskyss, men dét takka han høfleg nei takk til.

– Så lenge beina fungerar kan eg spasera, sa han likefram.

Bursdagskort

Men først fekk jubilanten overlevert ein perm med bursdagskort, – eitt frå kvar elev, 47 til saman. «Gjengangar-tekst» på helsingane handla om kor mykje dei verdset bygdas eldste:

«Det er så kjekt å møta deg på vegen», og «Det er så kjekt når du alltid smiler og helsar på oss».

Han vaks opp midt i ein stor søskenflokk på ni,– fire på kvar side. I dag har han to gjenlevande yngre brør, ein i Oslo og ein på Møre. Sistnemnde er ventande til Auklandshamn på sjølve dagen.

Gamle dagar som tema

Heile den siste veka har skuledagane i Auklandshamn handla om gamle dagar.

Den eigentlege dagen for Berstad sin bursdag er tysdag 12. oktober, men på grunn av skulane sin haustfeire, blei feiringa framskunda litt, opplyser rektor ved Auklandshamn skule, Camilla Tverfjell.

Einar Vestvik har bidratt med kunnskap om korleis det var før i tida, slik han igjen har høyrt frå dei gamle i bygda. Han har også vore på skulen og halde ein presentasjon om livet til Jon Ludvig Berstad. Vestvik har også bidratt med ein slipestein til utstillinga med tema gamle dagar.

Då Inger Skogland underviste i korleis ho bakar potetkaker, oppdaga ho at elevane ikkje var van med å skrella varme poteter.

– Det var litt komisk, for me skreller potetene varme før dei går i kverna, men elevane ville ha gaflar, helst ville dei har potetskrellar, ler Skogland. Ho skryt elles over lærevillige og flinke elevar.

Elles denne veka har elevane lært seg mange skipsknutar, sløya fisk, dei har ridd, og dei eldste elevane har fått omvisning på Kysttunet.

Powered by Labrador CMS