nyhende
Sprang inn vel 10.000 til Barnekreftforeningen
Elevbedriften Barnas støtte rekna med dei kom til å få inn 2-3.000 kroner frå sponsorar, men håpte på 10.000.
Dei var fire av fem som la i veg frå Førde mot Haugesund sist fredag. Tre sprang, og ein sykla som support. På førehand hadde dei funne ut at turen var ca. 26 kilometer og skulle ta 3-3,5 time.
Då appen blei stoppa i Haugesund, hadde dei tilbakelagt 30,12 kilometer og brukt 5 timar og 9 minutt. Inkludert gåing og pausar
Måtte bryta
Bablu Thu Lay Thay Waketha (10A) og Eirik Hovland Hindøy (10B) fullførte heile turen. Mark Farkasinszki (10B) fekk kjenna på at det er viktig å å få i seg nok mat og drikke før eit så langt løp.
– Eg hadde ikke fått i meg nok næring og fekk migrene. Eg kasta opp og måtte bryta, fortel han.
Jonas Horneland Bjørge (10A) var syklande support og fotograf undervegs.
21.550 kroner
Elevbedriften tenkte utanfor boksen og valde både å springa inn pengar og gje halvparten av det dei fekk inn til eit godt føremål.
– Kor mykje har de fått inn?
– Me rekna med at me skulle klara 2-3.000, i beste fall 10.000. Me er difor supernøgde med resultatet som per no er 21.550 kroner. Det blir 10.775 kroner til Barnekreftforeningen, seier dei fire tysdag føremiddag.
Mortadah Khamis Yahiya Arab (10D) er også med i elevbedriften.
Returen til Sveio skule gjekk med buss.