nyhende

Illustrasjonsfoto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK

Språket vert styggare i norske skular

Ein rapport frå Redd Barna viser at språket vert styggare og tøffare i norske skular.

Publisert Sist oppdatert
NPK: Språkbruken i norske skular har vorte tøffare, noko som vert stadfesta i den ferske rapporten «Gi oss Spilleregler!» frå Redd Barna.

Redd Barna gjennomførte sjølve undersøkinga blant 3.-, 5.- og 7.-klassingar før pandemien slo inn, mellom anna for å høyre korleis elevane sjølv opplever at språkbruk påverkar klassemiljøet og kvardagen i skulegarden.

Rapporten konkluderer mellom anna med at elevar frå femteklasse og oppover har vorte grovare i målet enn før.

Leiar i arbeidet med undersøkinga, Anne Elin Kleva, seier mykje av språkbruken handlar om seksuell trakassering.

– «Homse», «lesbisk»og «gay». Det er mykje som handlar om kjønnsidentitet og seksuell orientering. Dei bruker òg ord som «kuk», «din jævla bitch» eller «hore». I tillegg er det mykje rasisme, seier Kleva.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS