nyhende

Spørsmål og svar om veg og hol med fylkesordføraren

Vegane i Sveio er som livet. Dei går både opp og ned. Denne veka har me både eit nytt hol og svar i frå Jon Askeland (Sp), fylkesordførar i Vestland fylkeskomune.

Publisert Sist oppdatert

Vestavind har teke bilete og målt fleire hol i vegane i Sveio. Kvar veke presenterer me eit nytt.

Fokuset vert på hol, og ikkje dårleg vegdekke. For å visa storleik og djupna i holet nyttar me to kvardagslege ting, ein penn og ei drikkeflaske.

Klarar du å gjetta kvar holet er? Har du ein favoritt og/eller ein versting? Send oss bilete av holet til tips@vestavind-sveio.no og skriv kvar det er!

– Som i resten av Vestland

Jon Askeland (Sp) er ein travel mann som fylkesordførar i Vestland fylkeskommune. Me har stilt han nokre spørsmål om vegane i Sveio.

– Fylkesveg 541 har fleire strekk i svært dårleg stand. I løpet av dei neste åra skal tungtrafikken auke til om lag 100 lastebilar dagleg. Kjem det utbetring av vegen før auken i trafikk?

– I investeringsprogrammet som skal opp som sak til fylkestinget no, så er Grimstvedt-Sveio sentrum på Fv. 541 eit av prosjekta vi skal ha ein gjennomgang av med sikte på å redusere omfanget av prosjekta og på den måten få meir for pengane, seier Askeland.

– Kva synest du om tilstanden på fylkesvegane i Sveio generelt?

– Tilstanden på fylkesvegane i Sveio er som i resten av Vestlandet, av høgst varierande standard og kvalitet. Dei strekka med dårleg kvalitet er dessverre i godt selskap, og dokumenterer påstanden vår om at Vestland fylke har eit etterslep på fylkesvegane på kring 15 milliardar kroner, seier han.

Mikroskopiske løyvingar

Askeland lova nyleg å koma til Sveio. Då skal han sitja på med lokalpolitikar Jarle Jacobsen (KrF) på motorsykkel. Fylkesordføraren forstår uroa, og peiker samstundes på at Sveio ikkje er åleine i utfordringane.

– Jarle Jacobsen (KrF) sende bilete av veghola der han hadde parkert Ducatien. Same bilete kan eg senda frå fylkesvegen min på Radøy. Dette finst over heile fylket, seier fylkesordføraren.

Dessverre handlar det om pengar dei ikkje har.

– Det er eit stort paradoks at fylkesvegane i Vestland er på ca. 5.600 kilometer, det halve av samla lengde riksvegar i heile Norge. Midlane fylket får til staten til fylkesvegane er mikroskopiske i høve til riksvegløyvingane. Problemet ligg der! Seier Askeland.

Balanserer tiltak

– Fleire i Sveio opplever seg nedprioritert grunna at dei er i «feil» fylke, og at dei hadde vorte betre høyrt i Rogaland. Kva svarar du til det?

– Eg er glad for at Sveio valde å bli i Vestland, og vi vil fortsetja det gode samarbeidet med kommunen til liks med dei andre kommunane. Me har nyleg gjort eit godt arbeid på vegen gjennom Sveio sentrum, og for nokre år sidan hadde eg gleda av å opna delprosjekt i Haugalandspakken på Tjernagelvegen. Me balanserer tiltak i alle kommunane, og over tid skal alle få. Men, me klarar ikkje alt på ein gong, seier han.

Forrige veke

Holet var på E39 ved busstoppet på Drange.
Gratulerer igjen til Karina B. Birkeland for riktig svar!

Powered by Labrador CMS