nyhende
– Spinnglatt på gravplassen
Dagen før nyttårsaftan var Grete Hatvik på Sveio gravplass for å tenna lys på faren si grav. Både parkeringsplassen og vegen opp til den øvste delen av gravplassen var islagt, fortel Hatvik. Ho reagerer på at kommunen ikkje hadde sørga for strøing og etterlyser rutinar for dette.
– Spinnglatt er eit mildt ord. Det var rett og slett uframkomeleg. Eg angra mest på at eg tok turen. Mannen min valde å bli sitjande i bilen, skriv Hatvik i ei melding til Vestavind.
Grete Hatvik er utflytta sveibu og tok turen frå Os i Bjørnafjorden for å sjå til faren si grav.
– Eg er glad mor mi ikkje var med. Ho hadde ikkje klart å halda seg på føtene slik føret var den dagen.
Mange besøkande
Det var også mange andre på gravplassen for å sjå om gravene til sine næraste. Også eldre folk med krykker og og rulatorar, fortel Hatvik. Ho har også snakka med ein slektning som var på gravplassen dagen før og opplevde at føret var like ille då.
– Nokre sandkorn hadde hjelpt. Om ingen sikrar at det er framkomeleg på gravplassen i høgtider, kunne dei i det minste plassert ut nokre kassar med sand eller grus og spade slik at besøkande kunne strødd sjølve. Eg såg ingen slike kassar. Om dei finst, så er dei i alle fall ikkje godt synlege, seier Hatvik.
Prioritert oppgåve
Kyrkjeverje Rita Holmedal seier at dei på kyrkjekontoret er svært opptekne av å sikra tilkomsten til både kyrkjene og gravplassane på vinterføret. Dette er også noko kyrkjetenarane og kyrkjegardarbeidarane har høgt oppe på prioriteringslistene sine.
– Me besøkjer alle kyrkjene og gravplassane frå nord til sør fleire gonger i veka for snørydding og strøing når det trengst. Men det er ikkje sikkert me når over alle på ein dag. Og det er ingen kyrkjegardarbeidarar på jobb i helgene, seier Holmedal.
Ho legg til at det ikkje har kome klager på manglande strøing direkte til kyrkjekontoret.
Kyrkjeverja kan elles fortelja at det finst kassar med strøsand på gravplassane. Men desse er der først og fremst for at dei tilsette skal ha tilgang til sand, og er gjerne plasserte litt ut av syne.
– Men det er ingenting i vegen for at besøkande sjølve kan nytta sanden i kassane og strø sjølve når dei ser behov for det, seier Holmedal.
Strødd no
Vestavind besøkte Sveio gravplassen den første torsdagen i det nye året, var det strødd med sand på den øvste delen av vegen, som framleis var islagt. Dette gjeld øvst oppe, nærast det gamle gravfeltet nærast Fjellstad.