Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
«Sperregrense-partia» har delte meiningar om taktisk stemming
Både på venstresida og høgresida i det politiske Noreg ligg fleire parti og luktar på sperregrensa. Taktiske stemmer kan bli svært viktige ved stortingsvalet i år, men mange politikarar åtvarar mot å stemme på den måten.
– Eg vil oppfordre folk til å stemme på det partiet dei er mest einige med, seier stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn i Venstre til Nynorsk pressekontor.
Den siste tida har det vore snakka mykje om såkalla taktisk stemming – altså at nokon stemmer på eit anna parti enn førstevalet sitt for å hjelpe andre parti over sperregrensa. På den måten kan ein sikre fleirtal til ein av dei to tydelege fløyene i norsk politikk. Regjeringsspørsmålet kan altså bli avgjort av taktiske stemmer.
Valforskar Svein Erik Tuastad sa tidlegare i august til ABC-nyheter at taktisk stemming kom til å vere eit svært viktig valkampkort for partia KrF, Venstre og Miljøpartiet Dei Grøne (MDG). Nynorsk pressekontor har vore i kontakt med dei tre nemnde partia for å høyre kor opptekne dei er av å sanke taktiske stemmer.
Ingrid Sperregrensen Liland
Ei som har gått ekstra langt i å bruke seg sjølv som valkampverkemiddel er Ingrid Liland i MDG. Ho har søkt Skatteetaten om å byte namn til «Ingrid Sperregrensen Liland».
– Eg kjem til å gjere det eg kan for å gjere folk merksame på kor stor betydning ei stemme på MDG kan få for valet i år, seier Liland.
På spørsmål om taktiske stemmer blir eit viktig valkampkort for MDG svarer Liland dette:
– Eg vil seie at sperregrensa er viktigast for oss, og i samband med det kan vi godt vi seie at taktisk stemming blir viktig. Viss du ikkje stemmer MDG risikerer du ei Israel-vennleg og klimafiendtleg regjering og det er det veldig mange som er redde for.
Blant dei potensielle samarbeidspartnarane til MDG er synet på taktisk stemming annleis Både Ap, SV, Raudt har gått ut og åtvara mot ¨stemme på den måten. SV-leiar Kirsti Bergstø gjekk så langt som å kalle ei stemme på MDG for bortkasta. Medan partisekretær Reidar Strisland i Raudt sa til Klassekampen at ein krangel om taktisk stemmegiving mellom SV og MDG er øydeleggjande for venstresida.
Statsminister Joonas Gahr Støre (Ap) er heller ikkje ein tilhengar av taktisk stemmegiving:
– Eg trur den aller beste strategien er å stemme på det partiet som du er nærmast, sa Støre på ein pressekonferanse torsdag.
Usamd med valforskar
På andre sida av partiaksen sit partia Venstre og KrF – som òg truleg kjem til å kjempe ein kamp mot sperregrensa i år. Nestleiar i Venstre Sveinung Rotevatn er ikkje samd med valforskar Svein Erik Tuastad i at taktisk stemming er eit viktig valkampkort for dei.
– Vi har lege over sperregrensa kontinuerleg dei siste femten åra. Og vi har gjort gode lokalval der regjeringsspørsmål ikkje spelar inn i det heile tatt. Så eg trur dei fleste som har stemt på oss har gjort det fordi dei er samde med Venstre, seier Rotevatn til Nynorsk pressekontor.
Tuastad peika òg på at det å stemme taktisk i stor grad er rein gambling, og at ein kan ende opp med å kaste bort stemma si. Det er Rotevatn einig i.
– Det er avansert matematikk å gå inn for å stemme taktisk.
Han meiner at mange er for opptekne av regjeringsspørsmålet når dei stemmer.
– Vi har hatt to ulike regjeringssamansetningar i denne stortingsperioden, og vi hadde fire ulike regjeringar i førre periode. Men Stortingssamansetninga er den same. Så det vesentlege er eigentleg at du stemmer på det partiet du ønskjer skal ha styrke i Stortinget, seier han.
Ingen strategi for taktikkeri
Kristeleg Folkeparti hadde ikkje tid til å prate med Nynorsk pressekontor. Vi sende dei nokre spørsmål på e-post om kor mykje taktiske stemmer betyr for dei ved valet i år.
– Alle stemmer til KrF er viktige. Sidan 1945 har KrF alltid landa over sperregrensa, unntatt i 2021. No er det nye tider, og vi skal igjen over, skriv generalsekretær Ingunn Ulfsten i KrF.
Ho er oppteken av at alle som ønskjer å stemme KrF skal få gjere det utan å bli kalla for taktikarar.
– Vi møter veljarar som har så mange gode og ulike grunnar for å stemme KrF. Vi har ingen strategi for å fri til taktiske stemmegivarar i denne valkampen, skriv ho.