nyhende
Lansering for Hiernagla Brenneri:
Spente på mottakinga
Hiernagla Brenneri sitt første produkt ut på marknaden er ein gin med hint av lokale skogsbær.
Når koparkjelane kokar på Ekrene, ryktast det om herlege lukter på området. Nokre dagar i juni var det eimen av einerbær som dominerte på næringsparken, dette er ein opplagt ingrediens i Hiernagla Brenneri sitt første produkt, som skal ut på marknaden 4. september.
Reidar Horneland, ein av fem grunnleggjarar, har sagt opp jobben i Aibel, for å konsentrera seg om å utvikla Hiernagla på fulltid.
Vestavind blir tatt imot i lokala sør i Sveio, her er kjelen etter ginproduksjonen vaska ned for lengst, produktet tappa og flaskene ferdig forsegla.
Prøver seg fram
For å laga gin trengst to døgn produksjonstid, etterpå må det heile få ro eit par veker. I første omgang er det produsert rundt 1000 flasker. Når det står på, må kokeprosessen heile tida overvakast for å få til den rette aromaen.
– Det blir mykje lukting og smaking. Oppskrifta har me kome fram til sjølve, etter 18 rundar og to månadar med prøvedestillering, seier Horneland, som saman med resten av mannskapet har vore gjestearbeidarar på eit brenneri i Skottland for å testa og stadfesta kunnskapane.
Reinast mogleg
Horneland forklarar at det er to måtar å framstilla produktet på. På Ekrene svergar dei til reinast mogleg produkt – det vil seia at ein del av væska i prosessen blir tappa av og brukt til handsprit, medan resten av alkoholen skal innehalda smaken dei er ute etter.
For dei som kjenner til gin, vil «Værbitt Skogsbær» vera meir smakfull enn tradisjonelle variantar.
Smak viktigare enn volum
– Det er viktigare med eit godt produkt enn store mengder, poengterer brenneri-sjefen, som ser fram til at produktet kjem for sal. I starten av september vil det bli mogleg å få tak i det lokalproduserte brennevinet gjennom Vinmonopolet.
– Eg reknar med at dei lokale utsala vil ha produktet vårt i hyllene, elles vil polet kunne skaffa på førespurnad, seier Horneland.
Det var i starten av 2018 det private brenneriet drive av fem entusiastar blei grunnlagt. Den første whiskyen vil vera klar tidlegast i 2023. Den blei produsert i fjor haust, og må godgjera seg i tre år på eikefat før den er rekna som drikkeklar.
Norsk gin er etterspurt
Høg kvalitet kjenneteiknar norsk gin, både tilbod og etterspurnaden aukar. I september kjem sju nye småskalavariantar på marknaden.
Vinmonopolet ser ein framvekst av lokale brenneri, per no er det 51 forskjellige gin med norsk etikett i sortimentet.
– Me set stor pris på breidde av mellom anna gin, som har blitt populært det siste året eller to. Mange av desse produkta har høg kvalitet, seier Halvor Bing Lorentzen, kommunikasjonsdirektør i Vinmonopolet.
«Værbitt Skogsbær» er med i det som er kalla tilleggsutvalet, meint for dei fysiske butikkane. Det vil seia at produktet må bestillast av den enkelte butikk for å vera tilgjengelig i hylla, eventuelt på etterspurnad frå kundar. I nettbutikken kan ein sjå kva utsal som har ginen inne.
– På den måten er ikkje produktet synleg for kundane på same måte som i dei andre utvala våre, men eg reknar med at lokale butikkar vil ta inn Hiernagla sin gin. I tilleggsutvalet er det heller ikkje konkurranse, slik at den ikkje må klara seg på marknaden – den er tilgjengeleg, forklarer Lorentzen.