nyhende

Tobias Guddal
Eit fire år gamalt bilete av Tobias Guddal. No har han byta ut Sveio sin fotballbane med Tromsø IL sin.

Spelar for U-21 landslaget og drøymer om Premier League

Tobias Guddal byrja sin fotballkarriere som seksåring for Sveio IL. No spelar han for Tromsø og landslaget U-21. – Eg vil nå så langt som mogeleg, seier han.

Publisert Sist oppdatert

Han er heime i Sveio nokre dagar før det er tilbake til Tromsø og trening.

– Eg var nyleg på landslagssamling i Marbella i Spania, seier Tobias Guddal.

Frå Sveio IL til U-21

21-åringen legg ikkje skjul på at det var kjekt å spela med flagget på brystet.

– Det er jo utruleg kult, å representera landet på U-21 landslaget har vore ein liten draum. Det er jo mange gode spelarar, så eg lærar utruleg mykje av det og, fortel han.

Guddal har spelt ein kamp for landslaget så langt, mot Nederland.

– Me vann 2-1 og eg spela i andre omgang, seier han.

Han er midtstoppar no, men opphaveleg var han midtbane i sin barndom i Sveio.

– Eg byta til midtstoppar når eg byrja å vakse så mykje, fortel han.

Mange gode førebilete

Heilt sidan Guddal var seks år har han spelt fotball. Og om han ikkje har fått det inn med morsmjølka så har han fått faderleg stønad.

– Pappa var trenaren på fotballaget mitt i Sveio, seier han.

– Korleis er det å ha ein far som også er trenar?

– Det er vel fordelar og ulemper. Han følgjer greit opp men det kan jo fort verta ein diskusjon etter ein kamp, humrar Guddal.

Han spela for Sveio IL frå han var 6 til 16 år, og har mange gode minne.

– Eg hugsar mange ivrige kompisar gjennom tida, og eg har hatt mange fine trenarar som Torgeir Katla og Asbjørn Valen. Eg har læra mykje av den gjengen, seier han.

Sjølv er han veldig nøgd med korleis livet har vorte. Å få leva av å vera fotballspelar beskriv han som ein draum som vart verkeleg. Tromsø er ein flott klubb med bra spelarar og fine folk, og han trivst godt.

– Har du eit mål for karrieren?

– Eg har ikkje noko konkret. Eg vil nå så langt som mogeleg, men samstundes er det viktig å leva i nuet og ikkje tenka for langt fram, svarar han.

Ante ikkje han var valt ut

Eit større augeblikk som han kjem på når me spør, er når dei vann ein opprykkskamp for Bryn i fjor. Eller når han vart plukka til U-21 landslaget.

– Korleis får du beskjed om det?

– Han trenaren tok ut ein tropp og så låg dei det ut på nettsida til fotballforbundet. Eg hadde ikkje prata med dei så eg vart litt sjokka. Eg var ferdig på trening og folk byrja å koma bort for å gratulera meg utan at eg forstod kvifor, humrar han.

– Kunne du tenka deg ein dag å spela utanfor Noreg?

– Ja, i England mogelegvis, svarar han.

– Kva er favorittlaget ditt der?

– Manchester United, svarar han.

Medan han er heime i Sveio skal han i hovudsak besøka familie, og mogelegvis få litt tid til å fiska.

– Det vert ikkje så mykje fri i sumar, seier Guddal.

Powered by Labrador CMS