nyhende
Sparar hundretusenar etter enøk-tiltak
I vinter vart Sveio omsorgssenter etterisolert og fekk solcellepanel på taket. Eit halvt år seinare er tala klare: dei sparar hundretusenar i straumutgifter.
Sesongen for solcellepanel var vel eigentleg over då dei endeleg var ferdig montert på taket av omsorgssenteret. Som del av eit sparetiltak hadde Sveio kommune fått innvilga pengar til å utbetra på to måtar, nemleg etterisolering av bygget og solcellepanel.
Ekrheim spådde rett
No har det vore i effekt i over eit halvt år, og Vestavind har bedt om tal for å sjå om enøk-tiltaka har vore til hjelp. Prosjektleiar Andreas Ekrheim i Sveio kommune spådde følgjande om tiltaka:
– Kan spara hundretusenar av kroner i straumforbruk, sa han i juli 2023.
Ekrheim har faktisk heilt rett og vel så det, for berre sjå tabellen under.
| Januar | Februar | Mars | april | |
| 2023 | 276.248,43 | 215.331,00 | 251.732,40 | 165.083,09 |
| 2024 | 194.117,17 | 137.326,00 | 130.948,74 | 106.272,11 |
For å få eit heilskapleg bilete ba me om tal frå ein vintermånad, overgangen mellom vinter og vår, og så til sist april. Tala viser kraftig nedgang i straumrekninga. Samanlagt var straumrekninga for januar til april i 2023 på 908.394 kroner, medan i 2024 er den 568.663 kroner i same periode.
Over kvart million spara
Det er ei innsparing på 339.731 kroner i løpet av årets første fire månadar. Einingsleiar pleie- og omsorg Camilla Selbakk fortel at ho er svært nøgd med det heile.
– Alltid kjekt når me ser resultat av tiltaka som vert sett i gang, seier ho.
Dei 312 solcellepanela og etterisoleringa kan allereie seiast å vera verdt investeringa på 4,5 millionar kroner. Særleg fordi Sveio kommune sjølv ikkje måtte ut med noko, men fekk det dekka av Husbanken. I økonomiplanen til kommunen for 2025 peiker økonomisjef Peter Olav Lura på at helsesektoren deira er ein stor utgiftspost.
Kan vera til stor hjelp
– Pleie og omsorg fekk ein nødvendig rammeauke i budsjett 2024 på 5,0 millionar kroner. Dagens aktivitetsnivå gjer at området framleis ikkje har realistiske budsjett, og rådmannen aukar rammene med ytterlegare 4,0 millionar kroner til budsjettet for 2025, heiter det i dokumentet.
Dei ekstra utgiftene skuldast i hovudsak nødvendig innleige av vikarlegar og ikkje omsorgssenteret. Men, viss senteret byrjar å spara fleire hundretusenar årleg i straumutgifter kan det vera til stor hjelp.