Oljeprisen kjem til å falle under 40 dollar fatet, noko som vil føre til priskollaps i 2024, seier Jarand Rystad i analysebyrået Rystad Energy.FOTO: NPK
NPK-NTB: Oljeprisen vil falle under 40 dollar fatet, noko som vil føre til priskollaps i 2024, trur oljetopp Jarand Rystad.
– Eg trur oljeprisen vil halde seg rundt dei nivåa ein ser no, eller opp og ned mellom 100 til 130 dollar fatet, i år og i 2023. Men i 2024 kjem oljepriskollapsen, sa Rystad i ein paneldebatt med Petoro-sjef Kristin Kragseth under ONS.
Det skriv Dagens Næringsliv. Rystad leier Rystad Energy, eit av dei leiande analysebyråa i verda.
– Ein kollaps betyr under det som er kostnaden ved å setje i gang nye prosjekt og nye brønnar. Det betyr 40 til 30 til 20 dollar, sa han.
Rystad peikar på auka mobilisering av ny kapasitet som årsaka til ein mogleg kollaps.
– Frå du vedtek å bore ein ny brønn går det seks til 24 månader. No skjer det mykje, men du ser ikkje full effekt av det før i 2024, sa han.
Oljetoppen meiner at situasjonen neppe vil bli den same i gassmarknaden, og trur det kan bli rasjonering av gass i vinter.
– Eg trur på ein stram gassmarknad i Europa dei neste fem åra fordi vi skal bli kvitt russisk gass. Anten så stoppar Russland det, eller så stoppar vi det om vi klarer å seie nei takk. Det er Italia og Tyskland som er dei to viktigaste aktørane her, sa Rystad.