nyhende
Drivstoffprisene nådde rekordhøge nivå denne veka.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Spår at bensinprisen bikkar 40 kroner til sommaren
NPK: Prisane på drivstoff har auka kraftig dei siste vekene. No spår analytikarar at prisane kan doble seg fram mot sommaren.
Aldri før har det kosta meir å fylle tanken med diesel eller bensin i Noreg. Og vi har berre sett byrjinga, seier ekspertar. Det skriv NRK Vestland.
– I verste fall kan vi risikere 40 kroner til sommaren, seier sjefsanalytikar i Rystad Energi, Per Magnus Nysveen.
Same spådom kjem frå regionsjef i Noregs Lastebileier-Forbund, Reidar Retterholt.
– Eg blir ikkje overraska over prisar på mellom 30 til 40 kroner, seier han.
Professor Øystein Foros ved Noregs handelshøgskole har spådd prisar over 30 kroner literen.
(©NPK)