nyhende
Sp ber Sveio handle raskt for å kunne ta i mot ukrainske flyktningar
I ein interpellasjon til kommunestyret foreslår Senterpartiet at Sveio skal seia seg villige til å ta imot flyktningar frå Ukraina.
Sp ber vidare administrasjonen om å kartleggja mottakskapasiteten. Og partiet foreslår at formannskapet skal få fullmakt til å godkjenna endeleg plan for mottak.
Interpellasjonen blir lagt fram på kommunestyremøtet 4. april.
— Rett at Sveio tar sin del
Ordførar Linn Therese Erve (Ap) meiner også det er lurt av kommunen å gi signal om at Sveio er villig til å ta imot ukrainske flyktningar. Ho viser til at kommunen har hatt ei velfungerande flyktningteneste. Denne tenesta er nå under nedbygging, men dette kan raskt endrast på.
Etter at statsminister Jonas Gahr Støre opna for ukrainske flyktningar til Norge, meiner Erve det er rett at Sveio tar sin del. Skulle situasjonen krevja det, er det også mogleg å ha ekstraordinært kommunestyremøte før 4. april, seier ho.
Ber Sveio handle raskt
Innan Senterpartiet var det Arne Valen som tok initiativet til interpellasjonen. Sp-gruppa viser til at det ikkje sidan andre verdskrigen har vore slike krigshandlingar i Europa som dei me nå ser utfalda seg i Ukraina. Derfor meiner også Sp at kommunen må handla raskare enn ordinær saksbehandling.