nyhende
Søvnforskar vil skrote sommartid: – Fleire hjarteinfarkt og trafikkulykker
Kvart år stiller vi klokka fram og tilbake. Søvnforskar Bjørn Bjorvatn meiner ordninga er meir skadeleg enn formålstenleg, og viser til fleire ulykker, hjarteinfarkt og hjerneslag i samband med overgangen til sommartid.
I dag er det ei veke sidan blei klokka igjen stilt éin time tilbake, og gjekk med det over i det vi kaller normaltid, eller «vintertid» på folkemunne, etter at vi stilte til «sommartid» i mars.
Ordninga med å stille klokka såg dagens lys første gong i Tyskland i 1916. Noreg og fleire andre europeiske land følgde raskt etter, men først frå 1980 har ho vore fast og permanent her i landet, som følgje av at vi følgjer EU-standarden.
Lege og søvnforskar Bjørn Bjorvatn har nyleg publisert boka «Den utrolige søvnen». Der skriv han mellom anna at det kvar vår blir tydeleg kor viktig søvn er, når vi stiller klokka éin time fram:
«Når klokken stilles om våren, mister vi en time, og mange sover mindre. Dette har konsekvenser for helsen, selv om vi kun snakker om en time forskjell. Det er flere trafikkulykker, flere hjerteinfarkt, flere hjerneslag og spontanaborter i forbindelse med overgangen til sommertid. Det registreres også flere innleggelser på psykiatriske avdelinger.»
Helseskadeleg for sårbare grupper
Bjorvatn ser ikkje at kroppane eller søvnrytmane våre har blitt tilvendt ordninga, trass i at vi har hatt ho i fleire tiår.
– Eg tviler på at vi blir tilvende ei ordning som inneber å stille klokka to gongar i året. Eg trur heller nokre opplever ei forverring med åra, nokre få andre forbetring. Det er likevel verdt å understreke at dei fleste taklar overgangen utan konsekvensar. Men for nokre sårbare grupper kan det vere helseskadeleg, skriv Bjorvatn i ein e-post til Nynorsk pressekontor.
Han meiner difor det er all grunn til å skrote ordninga, som han kallar meir skadeleg enn formålstenleg.
Næringsminister Cecilie Myrseth (Ap) er ansvarleg for Justervesenet, og med det òg at vi skal stille klokka to gongar i året. Ho har forståing for at fleire synest det er ulemper med ordninga.
– Mange skiftarbeidarar, småbarnsfamiliar og bønder synest klokkestilling er noko herk, men vi gjer det for å ha same tid som nabolanda våre, forklarar Myrseth til Nynorsk pressekontor.
EU tenkjer på saka
På spørsmål om det blir slutt på ordninga i framtida, svarar ho:
– Vi ventar på EU.
EU-parlamentet stemde i mars 2019 for at sommartidsdirektivet skulle opphevast, og at kvart medlemsland sjølv skulle få velje om dei ville ha permanent sommartid eller permanent vintertid. Den opphavlege planen var å slutte å stille klokka frå våren eller hausten 2021, men forslaget har stoppa opp i Det europeiske råd på grunn av praktiske utfordringar. I vår annonserte EU-kommisjonen at dei vurderer å annullere 2019-forslaget om å oppheve sommartidsdirektivet.
Noreg ventar altså på EU si avgjerd før vi tek stilling til om vi skal slutte å stille klokka og halde oss til ei normaltid året gjennom.
Søvnforskar Bjorvatn ser at det gir meining å ha same tid som Danmark og andre delar av Europa. Han håpar difor at EU vil skrote ordninga.