NPK-NTB: Dei sju passkontora knytte til Sørvest politidistrikt aukar produksjonen av reisedokument.
– Det blir lagt ut nye timar på nettsidene til politiet kvar måndag og onsdag i tidsrommet klokka 8.00-9.00, forklarer leiar Felleseining for utlending og forvaltning, Leif Ole Topnes i Sørvest politidistrikt.
Alle passkontora tilbyr timar alle kvardagar, og enkelte kontor legg òg til rette for langdagar og timebestilling i helgar.
Det skjer etter stor pågang frå innbyggjarar som vil ha nytt pass.
I fjor oppmoda Sørvest-politiet alle i distriktet til å fornye pass som var gått ut på dato. Bakgrunnen var at rundt 50.000 innbyggjarar hadde ugyldige pass.
No ber dei folk komme førebudde og minner om at ein må ha med gammalt pass sjølv om det er gått ut, når ein skal søkje om nytt. Dei viser til nettsidene til politiet for ytterlegare informasjon om fornying av pass.