nyhende

Kantarell. Illustrasjonsfoto.
Kantarell. Illustrasjonsfoto.

Sopptur med Sveio hagelag

Publisert Sist oppdatert

Sveio Hagelag arrangerer også i år sopptur, og måndag 6. september går turen til Paddevegen i Sveio, der me har fått signal om at finnes ein del sopp.

Frå Tjernagelvegen køyrer du opp vegen som m. a. fører til byggjefeltet Fjellstad, me møtest på toppen der grusvegen startar.

Godkjente soppkontrollørar frå Haugesund Sopp- og nyttevekstforening blir med oss på turen. På grunn av pandemien så ønskjer me fortsatt å registrere alle som er med, og det blir påmelding til Solfrid Hovland innan 5. september.

Me ønskjer alle velkommen og håpar mange vil møte opp. Sjå annonse i Vestavind for meir informasjon.

Sveio Hagelag 

Powered by Labrador CMS