nyhende

Eirik Aadland Tappel tok til i full stilling som sokneprest i Sveio 2. januar. Foto: Thomas Førde
Eirik Aadland Tappel tok til i full stilling som sokneprest i Sveio 2. januar.

Søndag er det innsetting av ny sokneprest i Sveio

Den nye soknepresten ser fram til innsettingsgudstenesta, og det er mange som gler seg over at Sveio no har fått fast sokneprest igjen.

Publisert Sist oppdatert

Det begynner å bli ei stund sidan Gisle Sørhus hadde si siste gudsteneste som sokneprest i Sveio. Nærare bestemt 10. september 2023.

Tilhøyring og samhald

Og det er mange som gler seg over at det no er sokneprest på plass i Sveio igjen. Ei av dei er avtroppa soknerådsleiar Anne Gjelsvik Vierdal. Ho gjekk av som leiar i desember, men har har vore leiar i perioden uten fast sokneprest.

– Me har nok hatt synkande besøkstal på ordinære gudstenester, og eg spekulerer i at kyrkjelyden ikkje kjenner på same tilhøyring og samhald. For sjølv om me har hatt både flinke, kloke og hjartevarme vikarar innom, får dei ikkje same kontakten med kyrkjelyden av naturlege grunnar. Difor gler det oss i soknerådet at me no har ny sokneprest, og me ser fram til samarbeidet framover, seier Gjelsvik Vierdal.

Gler seg til søndag

Den nye soknepresten Eirik Aadland Tappel har vore tilsett 100 prosent i stillinga sidan 2. januar, og har hatt gudstenester før den spesielle som ventar søndag.

Då er det høgmesse der Sunnhordland sine nye prost, Arild Steinsland, skal innsetta Tappel som kalla til sokneprest i Sveio av biskopen i Bjørgvin.

– Eg gler meg, også til kyrkjekaffien i Soknehuset etterpå. Kva som skal skje der veit eg ikkje heilt, men eg ser fram til å snakka med dei som kjem, seier Tappel.

Her kan du bli betre kjent med den nye soknepresten:

Powered by Labrador CMS