nyhende
Søndag blir det bilkortesje til støtte for bygdaskulane
FAU, bygdalag og idrettslag i både Auklandshamn og Valestrand arrangerer søndag eit «demonstrasjonstog» for å markera deira standpunktet i skulesaka.
Oppstart blir om ettermiddagen i Valevåg, kortesja av bilar vil køyra via Liereid, ta av mot Auklandshamn ved Rød, via Bua og til Sveio sentrum.
– Ved å køyra denne ruta vil ein på same tid på demonstrert at vegen er svært dårleg. Det er behov for utbetring vegen først, dersom så mange barn skal fraktast på desse vegane 3-4 mil dagleg, seier Marryel H. Velde, og viser til arrangement på Facebook.
Markeringa skulle eigentleg ha vore i dag, men har blitt flytta for at NRK skal følgja kortesjen.