nyhende
Sommarutstillar med tydeleg bodskap
– Eg vil bli kunstnar, skreiv Rebekka Rosenberg Jacobsen i storesøstera si vennebok då ho var sju. Tysdag opna 23-åringen si første separatutstilling i Valestrand kulturkyrkje.
Opninga av utstillinga markerte samstundes starten på årets sesong med sommaropen kyrkje. Fram til og med 24. juli vil kyrkja vera open i tre timar kvar tysdag, onsdag og torsdag. Rebekka si utstilling blir hengande like lenge. Sjølv tek kunstnaren sikte på å vera til stades det meste av opningstida for å fortelja om bilda. Og kanskje også mala. Staffeliet er i alle fall på plass.
Starta tidleg
– Interessa for teikning og maling melde seg tidleg. Allereie i barnehagen var eg oppteken av å teikna. Eg kopierte gjerna storesøstera mi sike teikningar. Seinare gjorde eg det same med mamma sine teikningar frå vidaregåande. Eg kopierte også maleri med bibelske motiv frå illustrerte biblar som mamma hadde, fortel kunstnaren frå Auklandshamn.
Det starta altså med teikning, men som 13-åring gjekk ho på malekurs hos den etablerte kunstnaren Billy Roy Økland. På vidaregåande gjekk ho på kunst, design og arkitektur og skaffa seg då meir teoretisk kunnskap om både teknikkar, komposisjon og stilartar. I denne perioden gjekk ho også meir og meir over frå teikning til maling, sjølv om ein kolstift-teikning frå vidaregåande også er med på utstillinga. Ho starta med oljemaling, men har i seinare tid også malt ein god del med akryl.
– Av praktiske grunnar. Oljemaling luktar sterkt, og no bur eg saman med fleire andre studentar. Dei fleste startar vel med akryl, men ulempen er at denne malinga tørkar veldig fort. Det er såleis vanskeleg å gjera endringar utan å starta heilt på nytt.
Har noko på hjartet
Jacobsen er oppteken av å formidla ein bodskap gjennom bilda ho malar. Aller helst om Jesus og den kristne trua.
– Eg ber for kvart bilde og høyrer på lovsong medan eg arbeidar. Ønsket mitt er at folk skal bli nysgjerrige på trua når dei ser bilda, seier ho.
Ho har ikkje alltid vore like bevisst på dette. I så måte kom det til eit tildsskilje for nokre år sidan, omtrent samsundes med at ho søkte på fleire kunsthøgskular. Det var då ho malte det bildet som har blitt brukt i marknadsføringa av utstillinga i kulturkyrkja. Det illustrer den bibelske forteljinga om Jesus som gjekk på vatnet og Peter som på oppmoding frå Jesus også gjekk ut av båten.
– Eg var i ferd med å kasta meg ut i det store ukjente og var såleis på mange måtar i same situasjon som Peter, seier ho.
Ho kom ikkje inn på nokon kunstskule, men valde i staden å gå på ein av Ungdom i Oppdrag sine disippeltreningsskular som fokuserer særleg på formidling gjennom malarkunst. I dag studerer ho praktisk teologi og leiing ved NLA Høgskolen si avdeling i Trondheim.
– Eg trur eg kjem til å mala heile livet, men kunstutdanning på høgskulenivå er ikkje lenger så aktuelt, seier ho.
– Meir meg sjølv
Tilbake i kulturkyrkja løftar ho fram eit anna bilde som også representerer eit tidsskilje i utviklinga hennar. Ho har kalla det «There Will Be Joy In The Moring» etter ein lovsong ho høyrde mykje på i den tida.
– Eg kom til eit punkt der eg innsåg at eg hadde låst meg litt for mykje i ein stil som ikkje var meg. Bilda var altfor mørke. No ville eg ha det gøy, bli barn igjen og bruka mykje fargar. Frå og med dette er bilda mine mykje lysare og meir fargerike, seier ho.
Bildet kan også opplevast som ein kontrast til kunstnaren sin livssituasjon der og då, og samstundes som uttrykk for håp. Ho malte bildet i ein periode då mora var alvorleg sjuk og eit søskenbarn nettopp var gått bort.
– Dette bildet er difor ikkje til sals. Det vil eg behalda sjølv, seier ho.
Etter at ho blei spurt om å bli årets sommarutstillar i kulturkyrkja, har Rebekka malt i alt sju bilde i løpet av det siste halvåret som alle er med på utstillinga.
Blant dei yngste
Edvin Reiersen, som representerer styret i kulturkyrkja og leia opninga tysdag, seier seg spesielt glad for at kunstnaren denne gongen er så tydleg i formidlinga av den kristne bodskapen. Elles legg han vekt på at Rebekka Rosenberg Jacobsen er ein av dei yngste utstillarane dei har hatt i den sommaropne kyrkja. Under opninga samtalte han med Jacobsen om den kunstnarlege verksemda hennar. Elles deltok André Eide med musikalske innslag.
Utanom sjølve opninga tilseier erfaringane frå tidlegare år at eit par hundre besøkande kjem innom dein sommaropne kulturkyrkja i løpet av juli. Lokale gjester er vanlegvis i fleirtal, men også turistar frå inn- og utland dukkar gjerne også opp med jamne mellomrom, fortel Reiersen. Han har sjølv lang erfaring frå dugnadsgjengen som deler på å vera vertskap i kyrkja i løpet av opningstida.