nyhende

Bibliotekar Anitha Ramsdal (t.v.) og biblioteksjef Kristine Thorkildsen ved Sveio folkebibliotek.ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Bibliotekar Anitha Ramsdal (t.v.) og biblioteksjef Kristine Thorkildsen ved Sveio folkebibliotek.

Sommarles for unge i Sveio

No kan alle barn og unge i første til sjuande klasse i Sveio delta på den nasjonale digitale lesekampanjen sommarles.no

Publisert Sist oppdatert

Sommarles.no har vore ein suksess gjennom fleire år, og i fjor deltok over 164.000 barn frå heile Noreg. Målet med kampanjen er å motivere barna til å lese så mykje dei berre orkar i løpet av ein lang sommarferie.

— Ta turen innom Sveio folkebibliotek, her finn du masse kjekke bøker og lydbøker, seier bibliotekfullmektig Jorunn Anitha Meidel Ramsdal.

Spesialskrive

Allereie 1. juni braka det laust – og kampanjen varar til 31. august.

I samband med kampanjen har forfattar forfattar Mari Moen Holsve skrive ei spesialforteljing om romanfigurane Asbjørn og Astrid, som har fått tittelen «Eventyr på Rømmen.

— Hugs også at nokon kan lese for deg, det er alltid kjekt å bli lest for. Me har kjøpt inn mange flotte premiar, så no er det berre å lese, kome opp i Level, kom på biblioteket for å hente premie, låne bøker, men hugs også å bade og kjøp deg ein is,.

Premiar

På heimesida til sommarles.no lagar barna ein profil kor dei registrerer alt dei les i kampanjeperioden og får XP (poeng) for kvar side dei les.

— I tillegg til XP, kan barna også gjere seg fortente til digitale trofé og kule premiar som kan hentast på biblioteket, opplyser Ramsdal.

Powered by Labrador CMS