nyhende

Det blir ei relativt fin helg på Vestlandet. Men kanskje ikkje fullt så fin og varm som på dette biletet. ARKIVFOTO: IRENE FLATNES HALDIN
Det blir ei relativt fin helg på Vestlandet. Men kanskje ikkje fullt så fin og varm som på dette biletet.

Solkrem i nord — bikini i sør

Søndag kjem varmen til Nord-Noreg, og i indre strok kan det bli over 20 grader. I Sør-Noreg kan badeshortsen bli beste antrekk allereie laurdag.

Publisert Sist oppdatert

Både i Alta og Kautokeino varslar meteorologane 20 grader, medan Mo i Rana ganske mykje lenger sør ser ut til å få heile 22 grader søndag. Kirkenes i Aust-Finnmark er ikkje mykje dårlegare med 18 grader, medan temperaturane elles ligg rundt 15-16 grader på vêrkartet over landsdelen.

Helga startar rett nok våt, grå og med mykje vind i nord. Laurdag er det meldt sterk kuling på delar av kysten i Nordland og Troms, og det kan gi høge bølgjer opp mot 5 meter, åtvarar Meteorologane på Twitter.

Men søndag snur det altså, så då er berre å kaste jakka og nyte sola – døgnet rundt.

Relativt fin helg på Vestlandet

I Møre og Romsdal er varmen også på god veg med 18 grader målte klokka 11 i dag og 17,8 grader i Trøndelag.

— Dei ligg øvst på temperaturlista så langt, og midt i landet kan ein passere 20 grader utover ettermiddagen. Også gjennom resten av helga byr vi på høge temperaturar, tvitrar Meteorologane.

Statsmeteorolog Ingvild Villa hos Meteorologisk institutt nyanserer biletet litt:

— Når det gjeld Vestlandet og Trøndelag, så får dei ei relativt fin helg, men der er det litt fare for noko tåke langs kysten, seier ho til NRK.

— Det blir fleire vêrvinnarar, men viss du ser på høgast temperatur og flest soltimar, altså det dei fleste knyter til det beste vêret, blir det austanfjells, seier Villa.

Badevêr på Austlandet

Sommarvarmen kjem nemleg for fullt på Austlandet med temperaturar på opp mot 25 grader. Knoppar som har stått på vent i det kjølige maivêret, kjem for fullt desse dagane – som eple og rododendron.

Sjøen har til no vore temmeleg kald, rundt 11–12 grader, men temperaturen vil nok raskt stige litt.

— Det blir endå høgare temperaturar i helga. Det kan nok komme godt over 20 grader dei fleste plassane. Det ser ut som om sommaren kjem no i helga, seier statsmeteorologen.

Men tørt vêr og varme gir òg fare for gras- og lyngbrann. Eit oppdatert varsel gjeld for heile kysten frå Stavanger i vest til svenskegrensa i aust, via Oslofjorden, og i nord opp mot Lillehammer.

— Det er lokalt stor gras- og lyngbrannfare i snøfrie område inntil det kjem nedbør av betydning, heiter det i varselet.

Powered by Labrador CMS