nyhende

Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto

Søkjer kommunen om støtte

Publisert Sist oppdatert

Norsk Landbruksrådgiving Rogaland (NLR) etterspør 43.000 kroner i kommunal støtte for 2023.

Etter samanslåinga til NLR Rogaland har medlemene deira fått eit breiare og, etter deira meining, betre tilbod.

Dei siktar særleg til tilbodet om helse, miljø og tryggleik (HMS) og tilbod om årleg justering av gjødslingsplanen.

Også sist år vart mange av arrangementa deira haldne digitalt grunna Covid-19. Til dømes hadde dei digitale fagkveldar frå februar til april.

Ved årsskiftet hadde NLR Rogaland 87 medlemer i Sveio kommune.

Powered by Labrador CMS