nyhende
Snøskredfare mange stader – verst på Voss
Det er sendt ut raudt snøskredvarsel for Voss. Også stader som ikkje er omfatta av dei daglege snøskredvarsla, kan rammast av skred, åtvarar Varsom.no.
Er du til fjells, eller har tenkt deg til fjells i løpet av vinterferien, bør du vera forsiktig. På Voss må folk unngå alt skredterreng, ifølgje Varsom.no.
– Mykje vind, nedbør og stigande temperaturar gir stor skredfare. Skred kan utløysast både naturleg og av skiløparar. Unngå alt skredterreng, heiter det i varselet.
Både i lågare strøk med mildvêr og i høgfjellet er det fare for skred. Onsdag er det meldt regn opp til 700 meter, medan grensa torsdag ligg på heile 1.200 meter over havet.
– Under mildvêrsgrensa vil regn på snøen føre til naturleg utløyste skred. I høgfjellet vil det framleis blåse inn store snømengder i leheng. Også her kan skred losne naturleg, heiter det vidare.
Regn og vind
Mykje nedbør fører til meir vekt på snøen, og regn svekkjer snødekket.
Skredfaren blir aller størst i periodar med mykje nedbør og vind. Onsdag er det varsla opp mot 45 millimeter, torsdag 35 millimeter i utsette område. Samtidig er det meldt liten kuling frå sørvest.
I begge vinterferievekene har det vore rapportert om skiløparar som har løyst ut skred innanfor og utanfor varslingsregionane, mellom anna på Gålå og i Alvdal, ifølgje Varsom.no.
– Vi ønskjer å minne folk på at dei må vere klar over kva slags terreng dei ferdast i. Der det er bratt nok, kan det løyse ut skred, seier vaktleiar Ingrid Skrede i snøskredvarslinga.
Skummelt ved tregrensa
Ho rår skiløparar til å bruke brattleikskarta i Varsom-appen når dei planlegg turen. Særleg kan det vere utrygt akkurat i tregrensa.
– Rundt tregrensa er ofte fokksnøen i overflata såpass mjuk at du klarer å påverke han, samtidig som snøen har bunde seg til flak som kan løysast ut som flakskred, seier Skrede.
I heile høgfjellet i Sør-Noreg er det varsla snøfokk torsdag på grunn av kraftig vind og snø.