nyhende
Snømangel endrar vintersport-nasjonen
Norsk skisport opplever medlemsnedgang, særleg blant barn og unge. Mildare og kortare vintrar blir peika på som ei viktig årsak. Utviklinga kan endre rolla skisporten har hatt her i landet.
Vi har i fleire tiår vore ein av dei leiande skinasjonane i verda. Men over tid har færre barn og unge funne vegen ut i skisporet. Medlemstal frå Norges Skiforbund viser at dei i 2024 hadde 115.000 medlemmer, ned frå 180.000 i 2013.
Særleg stor er nedgangen i dei yngste aldersgruppene. Ein rapport frå 2021 viste medlemsfall i aldersgruppene 0–5 år og 6–12 år.
– Færre gode skidøgn
Snømangel stod omtalt i rapporten som ei årsak til medlemsnedgangen. Mildare og meir uføreseielege vintrar påverkar kor lenge og korleis medlemmer får trena og konkurrert.
Sven Håkon Kulbeck er leiar for klubb og breidde i Norges Skiforbund. Han peikar på fleire faktorar som verkar saman: endra fritidsvanar, sterkare konkurranse frå andre aktivitetar, høgare kostnader og snømangel.
– Vi har færre gode skidøgn enn for berre få år sidan, og den utviklinga kjem ikkje til å stoppe, seier Kulbeck til Nynorsk pressekontor.
Opptil tre månadar kortare vinter
Klimaforskar Anita Verpe Dyrrdal, leiar for Norsk klimaservicesenter ved Meteorologisk institutt, seier klimaendringane allereie har stor påverknad på snø- og vintersesongen i Noreg – og at endringane vil bli endå tydelegare i framtida.
– Framskrivingar mot slutten av hundreåret viser ein reduksjon på mellom éin og tre månader av snø- og skisesongen, avhengig av utsleppsscenario, seier Dyrrdal til Nynorsk pressekontor.
Endringane er størst i låglandet, der dei fleste bur. Område som tidlegare har hatt stabile, kalde vintrar, ligg no oftare rundt null grader eller over, særleg langs kysten. Då kjem vinternedbøren som regn i staden for snø, og folk må reise lenger for å finne stabile snøforhold.
Kunstsnø – ikkje alltid effektivt eller mogleg
Kunstsnø kan kompensere noko, men er inga fullgod løysing.
– For å produsere kunstsnø treng ein låge temperaturar. Når mildare vintrar blir meir normale, er det ikkje alltid effektivt eller mogleg. Kunstsnø kan nokre gonger sikre aktivitet i skibakkar, men ein får ikkje dei same langrennsløypene og lågterskeltilboda i lokalsamfunna, seier Dyrrdal.
Ho understrekar at dette er ein global trend, men peikar på at Noreg framleis kan ha betre føresetnader enn mange andre land.
– For turismen kan Noreg behalde snøen lenger enn land sør i Europa, men samstundes kan det bli meir krevjande å vere ein leiande skinasjon i breidde, slik vi har vore.
Bekymra for klasseskilje
For å møte endringane har Skiforbundet sett i verk fleire tiltak.
– Skisporten har i stor grad blitt ein heilårsidrett, med rulleski og andre aktivitetar i tillegg til snø. Plastbakkar, anleggsutvikling og meir avansert snøproduksjon er viktige grep. Samtidig treng fleire anlegg mindre snø enn før for å gi gode forhold. Snøproduksjonen har blitt meir presis, og digital utvikling gjer at ein kan produsere snø tidlegare og under fleire vêrtilhøve, seier Kulbeck.
Noko anna som uroar Kulbeck er kostnadsutviklinga, som har gjort at Skiforbundet har nokre gratis tilbod for barn og unge, utlån av utstyr og samarbeid med aktørar som BUA (Barn-Unge-Aktivitet).
– Høgare kostnader rammar både klubbar, familiar og utøvarar, og kan føre til større klasseskilje. Vi jobbar for at økonomi ikkje skal vere ei hindring.